Kommuneplanar

Kommunen er pålagt gjennom plan- og bygningsloven å ha ein kommuneplan. Kommuneplanen er ein overordna politisk plan. Planen har ein samfunnsdel som omfattar mål og strategi for utviklinga i Vinje.
Kommuneplanen består også av ein arealdel som syner forvaltninga av arealar og andre naturressursar.
Vinje kommune er også i gang med å revidere kommuneplanen sin arealdel, som også inkludere kommunedelplan for Åmot og kommunedelplan for Rauland.
Kommuneplanen sin samfunnsdel
Kommuneplanen sin samfunnsdel vart vedteken i kommunetyre 01.06.2023 i sak 54/23. Samfunnsdelen tek stilling til langsiktige målsettingar, mål og strategiar og skal vere eit styringsdokument for sektorane sine planar og verksemder i kommunen. Planen inneheld kommunen sin visjon, hovudmål og strategi innanfor fylgjende område / tema:
- Vinje – ein god stad å vera for alle
- Vinje - med naturen som berekraftig ressurs
- Vinje – kompetansekommunen
Visjon: Vinje utfordrar framtida
• Befolkning og bustadar • Natur, miljø og friluftsliv • Oppvekst • Helse- og omsorg • Folkehelse • Kultur og frivillighet • Næring og næringsutvikling • Samferdsel • Teknisk infrastruktur • Samfunnstryggleik, beredskap og klimatilpassing
Rullering av samfunnsplanen etter vedtak i kommunestyre 1. juni 2023
Kommuneplanen sin samfunnsdel 2022 - 2035 ser du her sin Pdf, 673 kB.
Kommuneplanen sin arealdel 2011-2023
Kommunestyret vedtok i samsvar med plan- og bygningslovens § 11-15, i møte den 01.09.2011, sak 12/43 Kommuneplanen sin arealdel 2011-2023.
Arealdelen er juridisk bindande for arealbruken i kommunen, og skal leggjast til grunn for handsaming av alle plan- og byggjesaker.
Kommunal planstrategi
I Kommunal planstrategi 2024-2027 vedtok kommunestyret 14.05.2024, sak 99/22 sin strategi for kommunalt planarbeid i valperioden.
Det er gjort prioriteringar av kva planarbeid som skal gjennomførast, og i kva rekkjefylgje dei skal gjerast.
Sist oppdatert