Vedtak frå Statens kartverk i namnesak 2025/181 - Ævongsmyri og Ævongsli

Statens kartverk gjorde 9. mars 2026 vedtak om skrivemåten av to stadnamn i Vinje kommune:

  • Ævongsmyri – namn på myr
  • Ævongsli – namn på bruk 137/3
Kart som viser Ævogsmyri markert med blått

Ævongsmyri markert med blå ring i kartet

Namnesaka gjeld fleire stadnamn. Vinje kommune er vedtaksorgan for alle veg/adressenamna og for grendenamnet Hadd(e)land. Kommunen må gjera vedtak om grendenamnet før Kartverket kan gjera vedtak om eit avleia namn. Det vil koma ei politisk sak til plan- og miljøutvalet der dette blir avgjort, og så vil Kartverket handsame resten av namnesaka etter det.

Heimel

Vedtaket er gjort med heimel i § 7 tredje ledd i lov om stadnamn.

Klage

Du kan klage på vedtaket om skrivemåten av stadnamnet dersom du har klagerett etter § 12 i stadnamnlova.
Klagefristen er tre veker frå vedtaket blir kunngjort offentleg.

Ei eventuell klage skal sendast til Kartverket, med kopi til kommunen, og ho må grunngjevast og seie kva namn eller namneledd ho gjeld. Klager blir behandla etter dei same reglane som andre namnesaker, og dersom Kartverket held ved vedtaket, blir saka sendt vidare til Klagenemnda for stadnamnsaker.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?