Vedtak i namnesak frå Kartverket – Haddlandshylen
Kartverket gjorde 13.08.26 vedtak om stadnamnet Haddlandshylen, som er namnet på ein høl.
Vedtaket er ein del av namnesak 2025/181, som blei oppretta for å fastslå skrivemåten på stadnamna Ævongsmyri og Haddland, og bruksnamnet Ævongsli, samt fleire namn som er avleia frå desse. Kartverket har tidlegare gjort vedtak om bruksnamnet Ævongsli og naturnamnet Ævongsmyri, medan kommunen er vedtaksmynde for grendenamn. Haddland blei vedteke av plan- og miljøutvalet 13.05.26, og denne skrivemåten har og vore styrande for det avleidde namnet Haddlandshylen, som no er siste vedtak i denne namnesaka.
Heimel
Vedtaket er gjort med heimel i § 7 tredje ledd i lov om stadnamn.
Klage
Du kan klage på vedtaket om skrivemåten av stadnamnet dersom du har klagerett etter § 12 i stadnamnlova.
Klagefristen er tre veker frå vedtaket blir kunngjort offentleg.
Ei eventuell klage skal sendast til Kartverket, med kopi til kommunen, og ho må grunngjevast og seie kva namn eller namneledd ho gjeld. Klager blir behandla etter dei same reglane som andre namnesaker, og dersom Kartverket held ved vedtaket, blir saka sendt vidare til Klagenemnda for stadnamnsaker.
Vedlegg
Vedtaksbrev frå Kartverket kan du lese her pdf, 319 kB, åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert
