Oppstart av namnesak om fleire naturnamn og namneleddet støl/støyl/staul
Lokal høyring om fleire naturnamn og namneleddet støl/støyl/staul i Vinje kommune.
Kartverket har starta namnesak for ei rekkje naturnamn, stølsnamn og andre stadnamn i Vinje kommune. Saka gjeld mellom anna forslag til endra skrivemåte av mange namn og ei gjennomgang av namneleddet støl/støyl/staul, for å få ein meir einsarta skrivemåte i tråd med lokal uttale og reglane i stadnamnlova.
Kommunen inviterer grunneigarar, organisasjonar og andre med kjennskap til namna til å kome med innspel. Kartverket ynskjer særleg opplysningar om lokal uttale og om kvar grensene går mellom uttaleformene støl, støyl og staul i kommunen.
Frist for innspel
Frist for å sende høyringssvar er 8. november 2026.
Høyringssvara skal sendast til postmottak@vinje.kommune.no, eller til Vinje kommune, Vinjevegen 192, 3890 Vinje.
Kommunen samordnar høyringssvara og sender dei vidare til Språkrådet og Kartverket for vidare handsaming.
Vedlegg i saka
Sjå vedlagt brev frå Kartverket og tilhøyrande namnelister for nærare informasjon om saka og kva namn som er omfatta.
Grostøyltjønni, foto Laila Veslestaul
Sist oppdatert
