Friskliv og meistring

Friskliv og meistring ligg organisert under fysio- og ergoterapitenesta i Vinje kommune. Det er eit tilbod til alle innbyggjarane i kommunen, der me legg særleg vekt på førebygging som helsefremjande tiltak.

Tilboda våre

Er du sjukemeldt, eller i fare for å bli det? Høgt blodtrykk? Utmatta? Muskel/skjelettplager og/eller lettare psykiske lidingar? Eller treng du eit puff for å koma i gang med livsstilsendring?

Kontakt fastlege, Nav eller oss i friskliv og meistring direkte for informasjon og henvisning. Resepten varer i 12 veker, der det er gruppetrening med fysioterapeut to gonger i veka.

Målet er å finne vegen til eit betre liv gjennom lystbetonte fysiske aktivitetar, sosialt samvær og samtale.

Faste aktivitetar

Timeplanen for hausten 2026 finn du her pdf, 623 kB, åpnes i nytt vindu.

Desse aktivitetane føregjeng ei gong i veka i vår- og haustsesongen. Dei krev ingen påmelding og du kan delta anten heile sesongen eller på enkelttreningar, alt etter kva som passer deg.

Me har tilbod om seniortrim ein gong i veka på Edland, Rauland og i Åmot.

Dette er gruppetrening som er ope for alle, der me rettar fokuset mot å trene balanse, bevegelse, auke styrken og uthald for å gjere deg betre rusta til kvardagens små og store utfordringar.

Treninga vil vere variert og øvingane blir tilpassa nivået på deg som deltek, så alle er hjarteleg velkomne. Gruppa passar og for deg som skal trene deg opp før operasjon av hofte, kne og liknande.

Bassengtrening er ope for alle vaksne og føregjeng på Vinjehuset.

Gruppetrening i basseng passar for alle, og er skånsamt for ledd og muskulatur. Treninga passar bra for deg som har vondt i ledd eller er stiv i kroppen. Øvingane kan tilpassast den einskilde og vil ha fokus på styrke, balanse, uthald og koordinasjon.

Kursa våre

Me har nokre kurs som føregjeng over kortare periodar. Her er det ei fast gruppe som møtast og her krev me påmelding. Kursa blir annonsert i Friskus-appen, under kategorien Friskliv og meistring.

Lærings- og meistringstilbod er målretta og strukturerte pedagogiske tilbod for pasientar, brukarar og pårørande. Me tilbyr lærings- og meistringskurs for forskjellige pasient- og målgrupper.

Ynskjer du inspirasjon til eit sunnare kosthald og gode matvanar i kvardagen?

Bra mat for betre helse er eit kurs utvikla av Helsedirektoratet, med mål om å motivere og støtte deltakarar til å gjere små, varige endringar som kan gje betre helse og auka livskvalitet.

Bra Mat blir arrangert av Vinje friskliv og meistring, og byggjer på dei nasjonale kostråda. I tillegg har ein av kurshaldarane vidareutdanning innan ernæring.

Kurset gjev praktiske råd og verktøy for å ta gode matval i kvardagen. Tema som måltidsrytme, frukt og grønt, kostfiber, feittkvalitet, varedeklarasjonar og endring av vanar står sentralt. Fokus er på at små steg kan føre til store helsegevinstar over tid.

Kurset passar for alle som ynskjer å bli meir medvitne om eigne matvanar, anten målet er meir energi i kvardagen, betre helse eller førebygging av sjukdom. Me har fokus på kunnskap, refleksjon og praktiske tips til å finne løysingar som fungerer i eigen kvardag.

Bra Mat blir halde i Åmot annakvar måndag frå veke 40 til veke 50.

Kursoversikt – Åmot skule

  • Måndag 28.09 kl. 15.00-17.30
    Klasserom
    (det er sett av litt ekstra tid til fyrste samling)
  • Måndag 12.10 kl. 15.00-17.00
    Klasserom
  • Måndag 26.10 kl. 15.00-17.00
    Klasserom
  • Måndag 09.11 kl. 15.00-17.00
    Klasserom
  • Måndag 23.11 kl. 15.00-18.00
    Kjøkken
    (tre timar er sett av til praktisk dag med matlaging)
  • Måndag 07.12 kl. 15.00-17.00
    Klasserom

Påmelding

Ta kontakt med frisklivsfysioterapeut Mirjam Ravneng for påmelding.

Telefon: 90 28 97 47
E-post: mirjam.ravneng@vinje.kommune.no

Små steg – stor endring!

Sov godt kurs - ein mogleg veg ut av søvnvanskar

Søvnvanskar er ei av dei vanlegaste helseutfordringane i befolkninga. Mange slit med søvnen, og dårleg søvn kan påverke både helse, energi og livskvalitet.

Difor ynskjer me å tilby eit kurs for innbyggjarar i Vest-Telemark som har søvnvanskar, særleg insomni.

Insomni er ei søvnforstyrring der ein over tid har problem med å sovne, søv uroleg gjennom natta eller vaknar for tidleg utan å få sove att.

Sov godt er eit søvnkurs utvikla av Helsedirektoratet i samarbeid med frisklivssentralane for personar som opplever søvnvanskar. Målet med kurset er å gje deltakarane kunnskap om korleis søvn fungerer, kva faktorar som påverkar søvnkvaliteten, og konkrete verkty for å betre søvnen utan bruk av medisinar.

Kurset byggjer på metodar frå kognitiv åtferdsterapi for insomni og lærer mellom anna gode søvnvanar, stimuluskontroll, avspenningsteknikkar og strategiar for å handtere tankar og vanar som kan bidra til søvnvanskar. Målet er å styrkje deltakarane si evne til å meistre eigen kvardag og oppnå betre søvn og auka livskvalitet.

Frisklivssentralen i Tokke, i samarbeid med Friskliv og meistring i Vinje, arrangerer kurset i Åmot hausten 2026. Kurset går over fem samlingar.

Stad og tid:

Vinjehuset i Åmot, Raulandsvegen 60, 3890 Vinje

  • Torsdag 15.10. kl. 09.30–11.30
  • Torsdag 29.10. kl. 09.30–11.30
  • Torsdag 05.11. kl. 09.30–11.30
  • Torsdag 12.11. kl. 09.30–11.30
  • Torsdag 26.11. kl. 09.30–11.30

Påmelding

For påmelding, ta kontakt med Mirjam Ravneng i Friskliv og meistring:

Telefon: 90 28 97 47
E-post: mirjam.ravneng@vinje.kommune.no

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?