Vedtak i namnesak – grendenamnet Haddland
Plan- og miljøutvalet gjorde 13.05.26 vedtak om grendenamnet Haddland i Rauland. Dette vedtaket er knytt til Kartverket si namnesak 2025/181, og omfattar namn på grend og vegar, der det er kommunen som er vedtaksmynde. Les Kartverket si namnesak her Lenke til et annet nettsted.
Grendenamnet har til no vore registrert med skrivemåtane Haddeland og Haddlandsgrend Lenke til et annet nettsted. i Sentralt stadnamnregister (SSR), som er registeret som syner den offentlege skrivemåten på stadnamn i Noreg. Det er kommunen som er bestemmer skrivemåten av grendenamn, og i tråd med tilråding frå Språkrådet blei skrivemåten Haddland vedteke.

Utsnitt frå Norgeskart, som syner skrivemåten registrert i SSR.
Heimel i lovverket
Vedtaket er gjort med heimel i § 7 fyrste ledd i lov om stadnamn.
Informasjon om klagerett
Dei som har klagerett etter § 12 i lov om stadnamn kan klage på vedtaket. Dei som kan klage er offentlege organ, eigaren eller festaren i saker som gjeld namn på eige gardsbruk eller eigedom, ein lokal organisasjon med særleg tilknyting til eit stadnamn, og stadnamntenesta.
Klagefristen er tre veker frå meldinga om vedtaket er offentleg kunngjort.
Ei eventuell klage skal sendast til Vinje kommune, postmottak@vinje.kommune.no eller Vinje kommune, Vinjevegen 192, 3890 Vinje, innan 12.06.2026.
Klaga skal grunngjevast, og grunngjevinga må omtale alle namn eller namneledd klaga gjeld. Dersom Vinje kommune ikkje tek klaga til fylgje, blir klaga sendt til klagenemnda for stadnamnsaker.
Vedlegg i saka
Sist oppdatert
