Vinjelosen

Hei, eg er Vinjelosen!

I Vinje kommune er me opptekne av at folk skal føle seg imøtekomne, og me vil leggje til rette på best mogleg vis for å oppfylle dette. Ta gjerne kontakt med meg dersom det er noko du lurar på i samband med flytting til Vinje. Om ikkje eg kan svare, kan eg i alle fall lose deg vidare til rett person eller tenesteområde.

Bu-moglegheiter

Nytt

I Vinje ynskjer me å kunne tilby eit variert og mangfaldig bu-tilbod. Til dømes jobbar me med å få til ein mikrohuslandsby i Raulandsgrend (Mobø), og eit flott nytt bustadfelt i Haukeli er under opparbeiding (Midtveit). Elles har me mange fine tomter rundt omkring i kommunen, til ein rimeleg penge, om du ynskjer å bygge. Oversikt over tomter finn du på heimesida her. Du kan sjå visning av heile bustadfelta i 3D-format, men førebels ikkje dei ledige tomtene.

Gamalt

På lik line som nybygg, jobbar me for å ta i bruk eksisterande eldre bygningsmasse i kommunen, til gjenbruk og ombruk. Dette inngår også som eit positivt bidrag inn i klima- og miljøperspektivet. Gamle forlate hus i kommunen er ein moglegheit for deg som ynskjer hus med sjel, og som vil setje i stand hus framfor å bygge nytt. Her kan me yte bistand i form av rådgjeving knytt til bygningsvern og tilskot.

Går du med ein draum om å gje nytt liv til ein gamal gard, eit hus eller ein husmannsplass? Då kan du gjerne sjå "Riksantikvartimen live», der ein av episodane mellom anna handlar om eit ungt par som har kjøpt eit gamalt, tomt småbruk i Valdres, og om korleis dei tok fatt på restaureringa.
Sjå episoden her Lenke til et annet nettsted.

Prøvebu

Er du av dei som tenkjer at du vil prøvebu Vinje fyrst, kan me også skilte med etablert prøvebustad i Øyfjell. Målet er å legge til rette for fleire prøvebustader i framtida.

Jobb og karriere

For jobb- og karrieremoglegheiter kan du fylgje med på desse sidene:

Ta gjerne kontakt med meg dersom du ser etter andre moglegheiter eller har spørsmål.

Vinje er naturlegvis framtida!

Om du vil utforske meir av det Vinje har å by på i høve butilhøve, jobbmarknad, oppvekstvilkår og ana, kan du ta ein kikk på nettportalen vår VinjeNaturlegvis Lenke til et annet nettsted..

Me meiner at Vinje er framtida, her kan du sjå ein liten film om kva folk seier om Vinje. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Med helsing

Signatur Vinjelosen

Her vil eg legge ut månadlege innlegg, slik at både innbyggjarar og andre kan fylgje tettare med på kva eg jobbar med gjennom året, og samtidig få høve til å koma med innspel.

Les nytt frå Vinjelosen for januar 2026 her pdf, 50 kB, åpnes i nytt vindu.

Vinje kommune ynskjer å legge til rette for ulike bu-moglegheiter. Èin av desse moglegheitene vil vera å prøvebu-småbruk!

Ordninga går ut på at kommunen leiger og framleiger småbruk, der folk som ynskjer å test-bu eit gardsbruk, får høve til det over ein god periode! 

Team prøvebu er oppretta for å syte for ein god prosess, og består av: 

  • Landbruksrådgjevar, Thor Christiansen
  • Representant frå styret i Visit Vinje, Anna Vinjerui Lid
  • Representant Vest-Telemark Bonde- og Småbrukarlag, Tor Mølster Byggland
  • Representant Tokke og Vinje Bondelag, Bernt Olav Kringlegarden
  • Vinjelosen, Silje Hagen

Team prøvebu ynskjer no å koma i kontakt med eigarar av småbruk, som kan tenkje seg å sjå på leigeavtale med kommunen inn mot denne satsinga! 
Småbruka treng ikkje vera nyoppussa og moderne – her er eldre, bebuelege småbruk kjærkomne!

Dette er nybrots arbeid, og ikkje testa ut før, i alle fall ikkje i vår kommune.  Om du er eigar av eit småbruk, og syns dette høyres interessant ut, ta kontakt med Vinjelosen for ein uforpliktande prat!

Over 200 000 hus står tomme og til nedfalls her i landet. Dette kan, og bør me gjera noko med!
Vinje kommune er èin av pilotane i Ljos i gamle hus - eit verdiskapingsprosjekt, der ein ynskjer å ta vare på dei ressursane som finns i gamle bygg, framfor å rive og bygge nytt.

Det er mange grunnar til at ein bør ta vare på dei eldre bygga rundt forbi:

  • Det er med på å fremje bulyst, då me vil få eit auka og variert bu-tilbod.
  • Gjenbruk av dei gamle bygga vil vera med å bidra til at kommunen når nasjonale og regionale klimamål.
  • Historie knytt til husa blir ført vidare og det blir skapt nye historiar.
  • Gamle hus har ofte gode materielle og håndverksmessige kvalitetar.
  • Lokal byggeskikk og kompetanse knytt til handverkstradisjonar, blir tatt vare på og ført vidare. 

Det å ta vare på denne kulturarven, vil styrke stadidentiteten, og vera med på å auke attraktiviteten av kommunen vår!

Prosjektet er nasjonalt, og i regi av Fortidsminneforeininga. Det omhandlar ikkje berre hus, men også naust, driftsbygningar, uthus og andre bygg, helst frå før 1960, men ikkje utelukkande.
Hensikta med prosjektet er rett og slett å verne bygg gjennom bruk. Då snakkar me både om ny bruk og ombruk.  

Bodskapet får vera: sit du med eit gamalt hus du ikkje heilt veit kva du skal gjera med? Ta gjerne kontakt med meg for ein uforpliktande prat om kva moglegheiter som ligg der.

Reinparken er ein sosial møteplass i Edland, som inneheld sykkelanlegg, jogge/turløype og badeplass.

Reinparken er eit samskapingsprosjekt mellom einingane Kultur, næring og fritid og Teknisk drift og infrastruktur i Vinje kommune. Parken er meint å vera eit positivt tilskot til heile Vinje kommune, så vel som turistar og andre forbi- og tilreisande. Det ligg i namnet at «Reinparken» er forankra i temaet villrein.

Les meir om Reinparken her

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?