Meir om Rask psykisk helsehjelp

Rask psykisk helsehjelp (RPH) er eit gratis lågterskeltilbod for personar over 16 år som er busette i Vest-Telemark og opplever milde til moderate psykiske helseplager som angst, nedstemtheit, stress, søvnvanskar eller byrjande rusutfordringar.

Me tilbyr kurs, grupper, rettleia sjølvhjelp og korte, individuelle samtaleforløp. Før me startar opp, har me ei kartleggingssamtale på telefon eller på kontor, for å finne ut om tilbodet passar for deg. Dersom Rask psykisk helsehjelp ikkje er det rette tilbodet for deg, hjelper me deg vidare og rettleier deg til den tenesta som best kan møte behova dine.

Hjelpa byggjer på kognitiv terapi, som tek utgangspunkt i samanhengen mellom tankar, kjensler, kroppslege reaksjonar og handlingar. Målet er å gi deg kunnskap og konkrete verktøy som kan hjelpe deg til å meistre kvardagen betre. Kognitiv terapi legg vekt på aktiv deltaking, og mykje av arbeidet skjer mellom samtalane ved at du prøvar ut verktøya i kvardagen.

Me som arbeider i Rask psykisk helsehjelp er helsepersonell med ulik helse- og sosialfagleg bakgrunn. Når du får helsehjelp hos oss, fører me journal i tråd med gjeldande regelverk.

Du kan lese meir om kognitiv terapi her Lenke til et annet nettsted.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?