Våre kurs og grupper
Rask psykisk helsehjelp (RPH) tilbyr ulike kurs- og gruppetilbod for personar som ynskjer hjelp til å meistre psykiske helseutfordringar. Gjennom kurs og grupper får du kunnskap om vanlege psykiske helseplager, saman med konkrete verktøy og metodar du kan ta i bruk i kvardagen.
Alle kurs og gruppetilbod er gratis. Nokre blir gjennomførte digitalt, medan andre blir haldne med fysisk oppmøte. Du finn meir informasjon om dei ulike tilboda nedanfor.
👉 Meld deg på her, i kontaktskjema for kurs og grupper Lenke til et annet nettsted.
Introduksjonskurs i kognitiv terapi
Introduksjonskurset er eit praktisk kurs for deg som ynskjer betre forståing av eigne tankar, kjensler og reaksjonar – og kva du sjølv kan gjere for å få det betre i kvardagen.
Kurset gir ei innføring i kognitiv terapi og sentrale verktøy som kan hjelpe deg å handtere utfordringar på ein meir hensiktsmessig måte. Du får kunnskap om korleis tankar, kjensler, kroppslege reaksjonar og handlingar påverkar kvarandre, og lærer teknikkar som kan bidra til betre meistring i kvardagen.
Kurset passar for deg som opplever milde til moderate plager som stress, uro, angst, eller nedstemtheit, og som ønskjer konkrete verktøy for å meistre kvardagen betre. Du treng ikkje tilvising frå lege, og det er ingen krav til forkunnskapar.
Tema i kurset
- Kva er kognitiv terapi?
- Nedstemtheit og depresjon
- Angst
- Grubling og bekymring
Dette lærer du
- Enkle og praktiske verktøy frå kognitiv terapi
- Betre forståing av samanhengen mellom tankar, kjensler og handlingar
- Strategiar for å handtere angst, nedstemtheit, grubling og bekymring
- Auka forståing av eigne utfordringar og korleis du kan styrkje eiga meistring
Kurset gir òg eit godt innblikk i arbeidsmåten vår i Rask psykisk helsehjelp. Dersom du ønskjer det, får du tilbod om ei kartleggingssamtale i etterkant av kurset. Saman vurderer vi om du kan ha nytte av vidare oppfølging.
Me tilrår introduksjonskurset som eit fyrste steg dersom du vurderer oppfølging hos Rask psykisk helsehjelp. Kurset gir eit godt grunnlag for å forstå eigne utfordringar og bli kjend med arbeidsmåten vår. For mange kan kurset åleine vere tilstrekkeleg hjelp, medan andre kan ha nytte av vidare oppfølging.
Tid og stad
Introduksjonskurset blir gjennomført digitalt den fyrste torsdagen kvar månad kl. 12.00–15.00.
Påmelding
Du melder deg på gjennom kontaktskjemaet for kurs og grupper.
Tankevirus
Tankevirus er eit kurs for deg som ynskjer å forstå korleis tankar og merksemd påverkar korleis du har det – og korleis du kan lære enkle strategiar for å handtere vanskelege tankemønster.
Kurset byggjer på forskingsbasert kunnskap og prinsipp frå metakognitiv og kognitiv terapi. Gjennom enkle og lettfattelege omgrep blir vanlege tankefeller skildra som «tankevirus», og du lærer korleis du kan styrkje det psykiske immunforsvaret ditt med «psykologiske vitamin».
Kurset passar for deg som ynskjer konkrete verktøy for å førebyggje og handtere milde til moderate psykiske helseplager.
Dette lærer du
- Korleis tankar og merksemd påverkar korleis du har det
- Å kjenne att vanlege «tankevirus» og uhjelpsame tankemønster
- Korleis du kan styrkje det psykiske immunforsvaret ditt med «psykologiske vitamin»
- Enkle og praktiske strategiar du kan bruke i kvardagen
Om kurset
Kurset går over tre samlingar, kvar på om lag 1,5 time.
- Samling 1: Det psykologiske immunforsvaret
- Samling 2: Tankevirus
- Samling 3: Psykologiske vitamin
Tankevirus-metoden fekk Helseprisen i 2016 for sitt bidrag til førebygging og tidleg innsats ved lette til moderate psykiske helseplager.
Påmelding
Du melder deg på gjennom kontaktskjemaet for kurs og grupper.
Du kan lese meir om Tankevirus her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Stå opp - behandling for langvarige søvnvanskar i gruppe
Stå opp er eit gruppetilbod for deg som har langvarige søvnvanskar (insomni) og ynskjer å få betre søvn.
Behandlinga byggjer på kognitiv åtferdsterapi, som er den behandlingsforma som blir tilrådd ved langvarige søvnvanskar. Du får kunnskap om søvn og lærer konkrete teknikkar som kan hjelpe deg med å etablere gode søvnvanar og betre søvnkvaliteten.
Kurset passar for deg som har hatt søvnvanskar over tid og er motivert for å arbeide aktivt med å endre søvnvanane dine.
Dette lærer du
- Korleis søvn fungerer, og kva som påverkar søvnkvaliteten
- Korleis du kan etablere gode søvnvanar
- Konkrete verktøy for å betre søvnen
- Korleis du kan endre vanar som held søvnvanskane ved lag
Om kurset
Kurset går over sju samlingar.
Mellom samlingane arbeider du aktivt med oppgåver og øvingar. Eigeninnsatsen mellom samlingane er ein viktig del av behandlinga, og kurset passar derfor best for deg som er motivert til å gjere endringar i eigne søvnvanar.
Behandlinga byggjer på velprøvde metodar som søvnrestriksjon og stimuluskontroll. Programmet er kvalitetssikra gjennom forsking i samarbeid med Folkehelseinstituttet, og resultata er publiserte i Tidsskrift for Norsk psykologforeining.
Kurset er gratis.
Påmelding
Du melder deg på gjennom kontaktskjemaet for kurs og grupper.
Les meir
Sist oppdatert
