Rettleia sjølvhjelp og individuelle samtaleforløp
I tillegg til kurs og gruppetilbod, tilbyr Rask psykisk helsehjelp òg rettleida sjølvhjelp og individuelle samtaleforløp.
Begge tilboda byggjer på kognitiv terapi og blir tilpassa behova dine. Målet er å gi deg kunnskap, konkrete verktøy og støtte til å meistre utfordringane dine betre.
👉 Ta kontakt her, i kontaktskjema for individuelle samtaler Lenke til et annet nettsted.
Rettleia sjølvhjelp
Rettleia sjølvhjelp er den arbeidsformen me oftast nyttar i Rask psykisk helsehjelp. Tilbodet kombinerer sjølvhjelpsmateriell med jamleg rettleiing frå ein terapeut. Du arbeider med oppgåver mellom samtalane, samtidig som du får støtte, tilbakemeldingar og hjelp til å ta verktøya i bruk i din eigen kvardag.
Målet er å gi deg kunnskap om eigne utfordringar, konkrete verktøy frå kognitiv terapi og støtte til å skape varige endringar. Du er aktiv i di eiga endring, medan terapeuten rettleier og støttar deg undervegs.
Tilbodet passar for deg som ynskjer å arbeide aktivt med eigne utfordringar, med støtte og rettleiing gjennom heile forløpet.
Dette lærer du
- Auka forståing av eigne utfordringar og korleis du kan meistre dei
- Konkrete verktøy frå kognitiv terapi som du kan bruke i kvardagen
- Jamleg rettleiing og oppfølging frå ein terapeut
- Oppgåver og øvingar som hjelper deg å omsetje kunnskap til praksis
- Moglegheit til å arbeide i ditt eige tempo mellom samtalane
Slik går det føre seg
Me brukar Assistert sjølvhjelp, ei digital behandlingsplattform med behandlingsprogram baserte på kognitiv terapi. Programma tek opp ulike tema, mellom anna depresjon, angst, panikkangst, sosial angst, bekymring og grubling, søvnvanskar og låg sjølvkjensle.
I samråd med deg vel me det programmet og dei verktøya som passar best for dine utfordringar og mål. Du arbeider med innhaldet mellom rettleiingssamtalane, medan terapeuten følgjer deg opp undervegs.
Rettleiinga skjer oftast via telefon eller videosamtale, men kan òg gjennomførast ved oppmøte på kontoret dersom det er mest føremålstenleg.
Eit vanleg behandlingsforløp består av om lag 6–8 rettleiingssamtalar, men lengda blir tilpassa den enkelte sitt behov.
Du får gratis tilgang til sjølvhjelpsprogrammet medan du er i behandling, og tilgangen held fram også etter at oppfølginga er avslutta. Slik kan du gå tilbake til innhaldet og bruke verktøya når du har behov for det.
Du kan lese meir om Assistert sjølvhjelp her Lenke til et annet nettsted.
Individuelle samtaleforløp
Individuelle samtaleforløp er eit kortvarig behandlingstilbod der me saman finn ei konkret målsetjing å arbeide mot. Samtalane byggjer på prinsipp frå kognitiv terapi og har som mål å gi deg kunnskap, konkrete verktøy og støtte til å meistre utfordringane dine.
Tilbodet passar for deg som ynskjer tettare oppfylging og å arbeide målretta med utfordringane dine saman med ein terapeut.
Dette får du
- Ein fast terapeut som følgjer deg gjennom heile forløpet
- Samtalar tilpassa behova og måla dine
- Konkrete verktøy frå kognitiv terapi
- Øvingar og oppgåver som du arbeider med mellom samtalane
Slik går samtaleforløpet føre seg
Dersom du ynskjer oppfylging hos Rask psykisk helsehjelp, tek du kontakt gjennom kontaktskjemaet.
Etter at me har motteke henvendinga di, sender me deg ein kode slik at du kan gjennomføre ei digital kartlegging. Kartlegginga gir oss eit betre utgangspunkt for å forstå utfordringane dine og førebu den vidare oppfylginga.
Når me har motteke den digitale kartlegginga, inviterer me deg til ei kartleggingssamtale. Samtala kan gjennomførast på telefon evt ved oppmøte på kontoret. Her blir me betre kjende med utfordringane dine, kva du ynskjer hjelp til og kva mål du har.
Saman vurderer me om Rask psykisk helsehjelp er eit tilbod som passar for deg. Dersom me meiner at eit anna tilbod vil vere meir eigna, rettleier me deg vidare og hjelper deg med å finne rett tilbod.
Viss Rask psykisk helsehjelp er rett tilbod, blir me saman einige om kva behandlingsform som vil passe best. For nokre vil rettleidd sjølvhjelp vere det beste alternativet, medan andre kan ha større nytte av individuelle samtalar, kurs eller gruppetilbod.
Dersom me blir einige om eit individuelt samtaleforløp, finn me saman ut kva som er viktigast å arbeide med. Du får konkrete verktøy og øvingar som du prøver ut mellom samtalane og som er tilpassa måla dine.
Samtalane kan gjennomførast på telefon, video eller på kontor, avhengig av kva som passar best.
Eit samtaleforløp består vanlegvis av 6–8 samtalar, men omfanget blir vurdert individuelt og tilpassa behova dine.
Kontakt oss
Du tek kontakt gjennom kontaktskjemaet.
Sist oppdatert
