Omsorgsstønad

Har du eit særleg tyngjande omsorgsarbeid, kan du søkje om omsorgsløn, som skal gje deg ein viss økonomisk kompensasjon for det omsorgsarbeidet du utfører. Kommunen avgjer om du får omsorgsløn, og kva nivå løna skal liggje på.

Du må ha eit særleg tyngjande omsorgsarbeid. Mellom dei momenta som kan takast med i vurderinga, er

  • om du arbeider mange timar per månad med omsorgsarbeid
  • om omsorgsarbeidet er meir fysisk eller psykisk tyngjande enn vanleg
  • om omsorgsarbeidet inneber mykje nattarbeid eller avbrot i nattesvevnen
  • om arbeidet fører til sosial isolasjon og mangel på ferie og fritid

Både omsorgsytaren og den hjelpetrengande sjølv kan søkje om omsorgslønn. Du må leggje ved ei fullmakt dersom det er ein annan som søkjer for deg. Ta kontakt med tildelingskontoret dersom du treng hjelp til å søkje. 

På Helsenorge sine sider kan du lese meir om omsorgsstønad Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?