Norheimstunet omsorgssenter
Ein omsorgsbustad er eit butilbod som er tilrettelagd for personar med nedsett funksjonsevne. Bebuarane får helse- og omsorgstenester etter behov.
Norheimstunet har ei personalgruppe med sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og heimehjelper/assistentar, og er døgnbemanna. Personalet samarbeider med lege og andre faggrupper i kommunen.
Norheimstunet er også base for alle heimebaserte tenester i Øvre Vinje, uavhengig av om desse vert gjevne i omsorgsbustad eller i eigen heim. Området omfattar Vågslid, Arabygdi og ned til Smørklepp.
Norheimstunet er eit triveleg tun, som ligg sentralt til i Haukeli. Det skjer mykje friviljug arbeid her som samlar bygdefolk til møteverksemd og andre sosiale arrangement.
Det er 8 kommunale omsorgsbustader i hovudbygningen på Norheimstunet, i tillegg er det 3 bustader som er i privat eige av Flatlandslegatet. Ved omsorgssenteret er det felles stoge og aktivitetsrom for bebuarane og eit eldresenter. I tillegg er det 4 frittståande bustader på området.
Søknad om bustad eller tenester
Du må sende søknad på eige skjema. Skjema finn du nederst på denne sida.
har du spørsmål til dette, kan du spørre personalet i heimetenesta og ved omsorgssenteret.
Søknaden må du sende til koordinerings- og tildelingskontoret i Vinje kommune. Dei kan også hjelpe deg om du har spørsmål til søknaden.
Flatlandslegatet
Søknad om omsorgsbustad i Flatlandslegatet skjer til legatet.
Leiar er Nils Ole Lien, Grungedal 78, 3895 Edland.
Telefon 95 92 20 68
E-post: nilsole.lien@telefiber.no
Relatert informasjon
Sist oppdatert
