Omsorgsbustader i Åmot

Ein omsorgsbustad er eit butilbod som er tilrettelagd for personar med nedsett funksjonsevne. 
Bebuarane får helse- og omsorgstenester etter behov. 

Det ligg to bygg med til saman 8 bueiningar bak Vinje helsesenter, rett ved Bruli. I Vestli sine lokal er det 2 bueiningar.
Bueiningane har ikkje fellesareal, men er tilrettelagd for funksjonshemma. Det er ikkje fast bemanning knytt til desse.

Søknad om bustad

Du må sende søknad på eige skjema. Skjema finn du nederst på denne sida.
har du spørsmål til dette, kan du spørre personalet i heimetenesta.
Søknaden må du sende til koordinerings- og tildelingskontoret i Vinje kommune. Dei kan også hjelpe deg om du har spørsmål til søknaden.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?