Rauland omsorgssenter

Ein omsorgsbustad er eit butilbod som er tilrettelagd for personar med nedsett funksjonsevne. Bebuarane får helse- og omsorgstenester etter behov.

Rauland omsorgssenter har ei personalgruppe med sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og heimehjelper/assistentar, og er døgnbemanna. Personalet samarbeider med lege og andre faggrupper i kommunen.

Rauland omsorgssenter er også base for alle heimetenester i Rauland distrikt, uavhengig av om desse blir gjevne i omsorgsbustad eller i eigen heim.

Rauland omsorgssenteret har til saman 15 bebuarrom med eige bad. Det er stoge og matservering i fellesrom.

I nær tilknyting til senteret er det også 7 omsorgsleilegheiter. Kva behov kommunen har for bustader styrer korleis bustadene til ei kvar tid blir nytta.

Søknad om bustad eller tenester

Du må sende søknad på eige skjema. Skjema finn du nederst på denne sida.
Har du spørsmål til dette, kan du spørre personalet i heimetenesta og ved omsorgssenteret.
Søknaden må du sende til koordinerings- og tildelingskontoret i Vinje kommune. Dei kan også hjelpe deg om du har spørsmål til søknaden.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?