Kommunekompasset

Kommunekompasset skildrar den ideelle forvaltningspraksisen i ein kommune. Kommunen blir målt opp mot dette idealet, og får ein rapport om kor nært eller langt i frå me står idealet.

Noreg står føre grunnleggjande endringar i demografi i åra framover, med fleire eldre, svakare tilgang til arbeidskraft og ein meir pressa kommuneøkonomi. Vinje går heller ikkje klar av desse utfordringane.

Det er venta nær dobbelt så mange over 80 år innan 2040, og parallelt med knappheit på arbeidskraft, gjer det til at me må sjå på korleis me kan løyse velferdsoppgåvene våre betre enn det me gjer i dag.

Me har no starta opp ein administrativ prosess for å utvikle organisasjonen. Målet er å gjere oss betre rusta til å handtere dei utfordringane me ser kjem. Arbeidet startar med kartlegging av det som påverkar kor mykje ei teneste kostar og kva me får att for pengane me nyttar. Me vil nytte kommunekompasset som verktøy for å hjelpe oss.

Kommunekompasset vurderer fire perspektiv på korleis den kommunale organisasjonen jobbar:

  1. Demokrati, samspel og samfunnsutvikling
  2. Styring og effektivitet
  3. Service og kvalitet
  4. Leiarskap og medarbeiderskap

Innanfor desse fire perspektiva er det åtte delområde som blir vurdert:

  • Offentligheit og demokrati
  • Samfunnsutvikling
  • Styring og kontroll
  • Effektivitet
  • Brukarfokus
  • Kvalitetsutvikling
  • Arbeidsliv
  • Leiarskap og medarbeiderskap

Rapporten me får skal gje oss eit godt bilde på kva som er kommunen sine utfordringar som organisasjon, og gje oss grunnlag for å vurdere kva kommunen bør prioritere av utviklingsarbeid framover. I prosessen vil me involvere politikarar, toppleiinga, den utvida leiargruppa, tillitsvalde, hovudverneombod og andre ved behov.

I januar starta me med ein temadag om økonomi for politikarar, og ein temadag for den utvida leiargruppa. Utover våren har det vore ulike arbeidsmøte for å kartlegge nosituasjonen, og moglegheitsromet me har. Samstundes har Håvard Moe frå Nivi Analyse gjennomført ei evaluering av forvaltningspraksis, og vil presentere den samla rapporten i Administrasjonsutvalet 18. august.

I september skal kommunedirektøren fremje ei såkalla rammesak for kommunestyret, der all dokumentasjon blir lagt med. Der skal kommunestyret gjere vedtak om kva for tiltak som skal utgreiast og/eller innarbeidast i økonomiplanen for åra 2027-2030. Så vil budsjettbehandlinga i desember gje det endelege svaret på kva kommunestyret ynskjer å gjennomføre av tiltak.

Her kan du lese saka frå kommunedirektøren, som skal leggast fram for politikarene i septemeber:

Les hovuddokument i saka her pdf, 41 MB, åpnes i nytt vindu.

Sjå alle arbeidspakkene her:

Arbeidspakke 1 - Administrativ organisering pdf, 156 kB, åpnes i nytt vindu.
Arbeidspakke 2 - Politisk organisering pdf, 418 kB, åpnes i nytt vindu.
Arbeidspakke 3 - Digitalisering, lisensar og avtalar pdf, 292 kB, åpnes i nytt vindu.
Arbeidspakke 4 - Løn, tillegg og permisjonar pdf, 350 kB, åpnes i nytt vindu.
Arbeidspakke 5 - Flåtestyring av bilpark pdf, 820 kB, åpnes i nytt vindu.
Arbeidspakke 6 – Tilskot Kultur, Næring og Fritid pdf, 2 MB, åpnes i nytt vindu.
Arbeidspakke 7 - Næring pdf, 565 kB, åpnes i nytt vindu.
Arbeidspakke 8 – Kultur og fritid pdf, 1 MB, åpnes i nytt vindu.
Arbeidspakke 9 – Inntektsauke kultur og fritid pdf, 629 kB, åpnes i nytt vindu.
Arbeidspakke 10 - Psykisk helse og rus pdf, 451 kB, åpnes i nytt vindu.
Arbeidspakke 11 - Dagsentertilbod pdf, 235 kB, åpnes i nytt vindu.
Arbeidspakke 12 - Eigenbetaling, fakturering og vederlag pdf, 529 kB, åpnes i nytt vindu.
Arbeidspakke 14 - Helse og meistring tildelingskriterier pdf, 252 kB, åpnes i nytt vindu.
Arbeidspakke 16 - Helse og meistring Innføring av KI turnus pdf, 283 kB, åpnes i nytt vindu.
Arbeidspakke 17 - Helse og meistring faglege spørsmål med meir pdf, 168 kB, åpnes i nytt vindu.
Arbeidspakke 18 - Helse og meistring administrativ organisering pdf, 152 kB, åpnes i nytt vindu.
Arbeidspakke 19 - Legeavdeling pdf, 532 kB, åpnes i nytt vindu.
Arbeidspakke 20 - Helsesjukepleiartenesta pdf, 714 kB, åpnes i nytt vindu.
Arbeidspakke 21 - Fysio- og ergoterapitenesta pdf, 1 MB, åpnes i nytt vindu.
Arbeidspakke 23 - Oppvekst lønn og lokale tillegg pdf, 117 kB, åpnes i nytt vindu.
Arbeidspakke 24 -Skule drifts og inventarutgifter, lisensar og læremateriell pdf, 2 MB, åpnes i nytt vindu.
Arbeidspakke 25 - Innføringsklasser for flyktningar pdf, 214 kB, åpnes i nytt vindu.
Arbeidspakke 26 - Spesialundervisning pdf, 1 MB, åpnes i nytt vindu.
Arbeidspakke 27 - Samarbeid mellom skulane pdf, 92 kB, åpnes i nytt vindu.
Arbeidspakke 28 - SFO pdf, 384 kB, åpnes i nytt vindu.
Arbeidspakke 29 - Vaksenopplæring pdf, 398 kB, åpnes i nytt vindu.
Arbeidspakke 30 - Barnehage: struktur med meir pdf, 399 kB, åpnes i nytt vindu.
Arbeidspakke 31 - Barnehage: drift med meir pdf, 519 kB, åpnes i nytt vindu.
Arbeidspakke 32 - Oppvekstsenter Edland pdf, 362 kB, åpnes i nytt vindu.
Arbeidspakke 33 - Planavdelinga pdf, 2 MB, åpnes i nytt vindu.
Arbeidspakke 34 - Byggesak pdf, 283 kB, åpnes i nytt vindu.
Arbeidspakke 35 - Geodata pdf, 3 MB, åpnes i nytt vindu.
Arbeidspakke 36 - Omklassifisering av veg og tilskot til veglag pdf, 999 kB, åpnes i nytt vindu.
Arbeidspakke 37 og 39 - TDI pdf, 486 kB, åpnes i nytt vindu.
Arbeidspakke 38 - Reinhald og tekstil pdf, 2 MB, åpnes i nytt vindu.
Arbeidspakke 40 - Femdagarsskule pdf, 292 kB, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?