11.03.2010
Skuleinnskriving.
Ein bed med dette barn som skal ta til i grunnskulen i Vinje kommune hausten 2010 om å møte på den skulen dei soknar til for skuleinnskriving måndag 22.mars. Klokkeslett for innskrivinga får de i brev frå skulen.
Velkomne som elevar i Vinjeskulen!
11.03.2010
Grunna politisk handsaming av barnehagevedtektene og omlegging til elektroniske søknadsskjema for barnehageopptak, er søknadsfrist 20.april.Elektroniske søknadsskjema blir å finne på heimesida til kommunen 25.mars.Den dagen kjem det annonse i VTB og melding på heimesida til Vinje kommune.
05.03.2010
Friskvernet er i gang med eit varierte gruppetilbod. Det er stor aktivitet på dei fleste gruppene men vi har plass til fleire!! Frå og med hausten 09 har oppmøtet teke seg opp.
Måndag kveld er det styrketrening og aerobic (nivå 2) med Anne Mosdøl. Her er det mykje hopp og sprett og mange som kjem saman for morosam trening!