Foreldrerådgjeving er eit gratis tilbod til foreldre med barn i alderen 3-12 år. Gjennom samtale og øving lærer foreldre verktøy dei kan bruke i barneoppdraginga, for å auke trivsel og samarbeid. Foreldrerådgjevinga tek sikte på å hjelpe familien på eit så tidleg tidspunkt som mogeleg, for å bidra til ei positiv utvikling hjå barnet. Ein treng ikkje oppleve store utfordringar for å ta kontakt! 

 

Verktøy

Verktøy me brukar i foreldrerådgjeving:

  • Gode beskjedar og samarbeid
  • Ros og oppmuntring
  • Grensesetjing
  • Problemløysing
  • Tilsyn/oversikt

Rammer

  • Rådgjevinga har vanlegvis 3-6 møte, om lag ein time i veka
  • Rådgjevinga vert tilpassa familien sine behov
  • Gjennom samtaler og praktiske øvingar finn me gode måtar å få til eit betre samspel i kvardagen på
  • Foreldre prøvar ut det me har øva på i møte heime