Hjortevilt

I Forskrift om forvaltning av hjortevilt finn ein nærare omtale av kva for krav som gjeld ved opning av jakt på hjortevilt, krav til vald og bestandsplanar.

I Vinje er forvaltninga av elg- og hjortebestanden planbasert, det vil sei at desse artane blir forvalta etter 3 årige bestandsplanar, godkjend av kommunen.

Forvaltninga skjer gjennom Vinje bestandsplanområde som består av 8 vald. I tillegg til dette 5 enkeltståande vald.

Vinje viltråd blei etablert i 2008.  Rådet er samansett av ein representant frå alle storvalda i kommunen samt leiar i Plan- og miljøutvalet. Administrasjonen er med som sekretær for rådet.

Alle kvotar, sett dyr data, felte dyr med meir blir lagt inn i det sentrale Hjorteviltregisteret

Rovvilt

Rovviltberedskap
Statens naturoppsyn (SNO) er ansvarleg for skadedokumentasjon og praktisk gjennomføring av bestandsregistreringer.

Regional rovviltkontakt i Telemark, Buskerud, Vestfold er: Espen Marker - telefon 97 57 09 75.
Lokal rovviltkontakt i Vinje er: Øyvind Fosse - telefon 48 14 84 05.

Beredskapstelefon finn du her

Rovviltet blir forvalta i 8 regionar, der Vinje er med i region 2.

Meir om forvaltninga i region 2 finn du her

Kadaverfunn
Ved funn av kadaver er det viktig at du melder ifrå til beitelag/dyreeigar. 
Merk kadaveret så godt som mogleg.

Fallvilt og ettersøk

Fallvilt er alt vilt som er skada, sjukt eller daut i naturen. Skada hjortevilt som må avlivast, og hjortevilt som vert felt som skadedyr, er kommunen sin eigedom.

Fallvilt av andre artar er det statlege viltfondet sin eigedom.

Arbeidet med fallvilt er ei kommunal oppgåve, og kommunen har eige fallviltgruppe som handterer dette.

Oppgåvene til gruppa er å utføre kommunen sine oppgåver knytt til:

  • Fallvilt
  • Skada vilt som må avlivast
  • Vilt som fellast som skadedyr
  • Kommunen sine oppgåver i høve ettersøk under ordinær jakt

Dyr som kan nyttast til mat skal godkjennast av Mattilsynet. Kjøtet vert seldt til inntekt for viltfondet.

Påkjørsel av vilt skal varslast til politiet på 02800

Ettersøksavtale
Ved all jakt på storvilt er det krav om tilgang på godkjend ettersøksekvipasje.  Dersom ein ikkje har dette sjølv eller i eige jaktlag må ein inngå ettersøksavtale med godkjend ekvipasje.

Skjema finn du her

Villrein

Rapportar frå NINA (Norsk institutt for naturforskning):

Villreinvettreglane:

  1. Ikkje forstyrr villreinen; vel eit anna område dersom det er kjent at det er villrein i området du hadde tenkt i vitje.
  2. Unngå å ferdast i villreinområde under kalvinga i mai; nokre stadar er det ferdselsforbod.
  3. Fylg merkte løyper.
  4. Ha kontroll på hunden og undersøk lokale reglar for bandtvang.
  5. Hald deg i ro om du ser villrein, slik at den kan trekke unna uforstyrra
  6. Bruk kikkert og hald avstand.