Kommuneoverlegen tilrår alle i Vinje kommune å måle radon i heimen sin. 

Kva er radon

  • Radon er ein usynleg og luktfri radioaktiv gass
  • Radon i inne-luft aukar risikoen for lungekreft
  • Du må måle for å finne ut om det er radon i bustaden din
  • Gjennomsnittleg radonkonsentrasjon over eit heilt år blir kalla årsmiddelverdi (Bq/m³)
  • Om du måler radonnivå over 100 Bq/m³ bør du gjera tiltak for å redusere nivået
  • Det finst effektive måtar for å redusere radonnivået

Radon i Vinje
I 2003 blei radonnivået i bustader kartlagt i 44 kommunar i landet, deriblant Vinje. Dette er den siste kartlegginga gjort i regi av dåverande Statens Strålevern, no kalla Direktoratet for Strålevern og atomtryggleik. 

Delar av Vinje kommune har eit radonproblem. 12 % av dei kartlagde bustadane i Vinje hadde radonnivå over grenseverdien på 200 Bq/m³. Det er spesielt områda rundt Haukeligrend og Rauland som har høg sannsynlighet for auka radonkonsentrasjonar. I 2003 var fleire enn 20 % av målingane i desse områda over 200 Bq/m3. 

Det kan vera store forskjellar i radonnivået i to bustadar som ligg rett ved sidan av kvarandre. Berre ei måling kan avsløre om heimen din har eit radonproblem. Kommuneoverlegen oppmodar difor alle i Vinje kommune til å måle radonnivået i bustaden.  

Slik måler du radon

  • Bestill radonmålar hjå leverandør 
  • Mål radon i vinterhalvåret, mellom midten av oktober og midten av april
  • Målinga skal skje over eit tidsrom på minst to månadar
  • Huseigar har sjølv ansvar for å fylgje opp resultatet frå målinga
  • Vinje Kommune får berre tilgang til anonymiserte resultat frå målingane

Les meir om kva radon er, og korleis du måler radon her (dsa.no)

Bestille radonmålar

Vinje kommune har innhenta tilbod frå ein leverandør av radonmålarar. Ein står fritt til å nytte andre firma, men for at kommunen skal få gode data til bruk i folkehelsearbeidet er det viktig at så mange som råd nyttar leverandøren som kommunen har avtale med. Les meir om tilbodet og bestill radonmålar her.