Vinje kommune skal legge til rette for eit berekraftig næringsliv, både økonomisk, sosialt og miljømessig. Næringsplanen er ei oversikt over kva kommunen skal gjere for å støtte den lokale næringstutviklinga.

Vinje prioriterer fylgjande næringar:

  • Reiseliv og handel
  • Landbruk
  • Handverk, entreprenør og industri

Dei prioriterte næringane blir fylgt opp via eigne planar/strategiar. Klikk på boksane nedanfor for meir informasjon.

I tillegg skal kommunen legge til rette for:

  • Etablering og utvikling av verksemder
  • Kommunikasjon og samarbeid
  • Samferdsle og infrastruktur
  • Arbeidskraft og kompetanse
  • Næringsareal og tettstadutvikling
  • Forsking, omstilling og innovasjon

Klikk på boksane nedanfor for meir informasjon.

Styrande dokument for næringsplanen er nasjonale og fylkeskommunale strategiar, samfunns- og arealdelen i kommuneplanen, plan for klima og berekraft i Vinje kommune og klimaplanen for Vest-Telemark. Næringsarbeidet skal medverke til FN sine berekraftsmål.

skispor

Reiseliv og handel

Reiseliv har vore, er og skal vere ei hovudnæring i Vinje. Ved sida av det tradisjonelle reiselivet med sine overnattings-, serverings- og opplevingsverksemder, har det vore ei stor satsing på utbygging av fritidsbustader i kommunen. Satsinga på reiselivsnæringa har gjeve og gjev grunnlag for reiselivsverksemder og arbeidsplassar i andre næringar. Ein rapport om ringverknader av reiselivet i Vinje frå 2016 syner at den reiselivsrelaterte omsetnaden i Vinje bidrog til ei verdiskaping på 255 millionar kroner i kommunen, eller 32 prosent av total verdiskaping. Same rapport viste at reiselivet danna grunnlag for om lag 410 arbeidsplassar i kommunen (kjelde: Menon Economics). Dei siste åra har pandemi og energikrise skapt store utfordringar for reiselivsnæringa. I tillegg har lokal skepsis ført til redusert utbygging av nye fritidsbustader. 

Framover ønskjer kommunen, saman med næringa, å fokusere på vidare utvikling av tilbodet til både turistar og dei fritidsbustadene som alt er bygde ut. Målet er ei økonomisk berekraftig reiselivsutvikling som tar omsyn til interessene i lokalbefolkninga, landbruket, klimaet og det lokale dyre- og plantelivet, spesielt villreinen. På vegner av Vest-Telemarkrådet har Visit Telemark utvikla ein regional reiselivsstrategi. Basert på denne strategien utviklar kommunen, saman med reiselivsnæringa og andre aktørar, ein reiselivsstrategi for Vinje (les meir her). Denne inkluderer lokale strategiar for dei ulike destinasjonane i Rauland, Haukeli og Åmot/Vinje. Lenker til regionale og lokale strategiar kjem her når dei er klare.

Parallelt med satsinga på reiseliv vil kommunen halde fram med å støtte og legge til rette for den sterke handelsnæringa me har i Vinje. Dette inneber blant anna å tilby attraktive næringsareal og drive aktiv tettstadutvikling i alle tre bygdesentruma i kommunen.

Foto: Svein Olav Lien

Landbruk

Landbruket er ei prioritert næring i Vinje. Landbruksnæringa har stor eigenverdi og er viktig både som kultur- og tradisjonsberar og for den lokale mattryggleiken. Samtidig er næringa viktig for korleis Vinje står fram for innbyggarar, tilreisande og andre næringar. Ikkje minst er eit aktivt og levande landbruk verdifullt for reiselivsnæringa.

Kommunen har ein eigen plan for arbeidet med å styrke landbruket i kommunen. Landbruksplanen vil bli fornya i 2023/24. Gå til noverande landbruksplan

Woman at work on building site

Handverk, entreprenør og industri

Handverk, entreprenør og industri er voksande næringar i Vinje kommune. Kommunen vil i løpet av 2023/24 undersøke interessa for ein eigen strategi for desse, på linje med landbruk og reiseliv/handel.

Bilde av hanverkar bakfrå med utstyr i belte

Etablering og utvikling av verksemder

Vinje skal vere ein god kommune for etablering, drift og utvikling av verksemder. 

Tiltak i 2023/24

  • Rådgjeving til nye og eksisterande verksemder, blant anna gjennom Start opp Vest-Telemark
  • Initiere og legge til rette for etablering av nye verksemder der det er potensial, slik som datasenter
  • Finansiell støtte til etablering og utvikling av verksemder via kommunalt næringsfond
  • Finansiell støtte til næringslag/destinasjonsselskap
  • Finansiell støtte til ekstraordinære straumutgifter
  • Oppdatere retningsliner for kommunalt næringsfond

Vyar

  • Dedikert kontaktperson i kommunen og årleg oppfølging for verksemder som ønskjer det
  • Følge med på og kommunisere nasjonale og regionale støtte- og prosjektmidlar på en meir systematisk måte og tilby hjelp til søknadsskriving
  • Utvikle den kommunale rådgjevinga til å inkludere tema som grøn omstilling, klimatilpassing, nye miljøkrav etc.
  • Framstøyt for å lokke kraftkrevjande industriaktivitetar til kommunen
  • Utnytte regionale næringssatsingar meir aktivt, slik som Langskip i Grenland
  • Oversikt over finansieringsbehov og korleis desse kan møtast med privat kapital, folkefinansiering osb
Næringstreff 1

Kommunikasjon og samarbeid

Næringsutvikling er avhengig av god kommunikasjon og godt samarbeid. Kommunen skal aktivt medverke til møtearenaer, nettverksaktivitetar og deling av informasjon og kunnskap.

Tiltak i 2023/24

  • Næringstreff - møtearena for næringslivet i heile kommunen som finn stad tre gonger i året
  • Møte i næringslaga - næringssjefen tar som regel del på møte i dei tre næringslaga i kommunen
  • Ordførar og næringssjef besøker med jamne mellomrom ulike næringsaktørar
  • Kommunale nettsider med nyttig og oppdatert informasjon for næringslivet
  • Nyheitsbrev - kommunen sender med jamne mellomrom ut eit digitalt nyheitsbrev med informasjon retta mot næringsdrivande
  • Deltaking i lokale og regionale samarbeidsorgan
    • Vest-Telemarkrådet
    • Næringskollegiet i Vest-Telemark
    • Fjellnettverket
    • Akrim-gruppe

Vyar

  • Initiere og legge til rette for fleire møteplassar/nettverk for bransjar og spesifikke tema
  • Initiere og legge til rette for utvikling av klynger
  • "Næringssjefens dag" i Edland/Haukeli, Rauland og Åmot
Straum

Samferdsle og infrastruktur

God samferdsle og infrastruktur, som til dømes vegar, kollektiv- og godstransport, fiber, mobilnett og hurtigladarar, er ein del av grunnmuren for næringslivet i Vinje. Kommunen skal aktivt jobbe for å utvikle det lokale samferdselstilbodet og den lokale infrastrukturen.

Tiltak i 2023/24

  • Deltaking på møter i E134 Haukelivegen AS
  • Arbeid med kollektiv- og godstransport
  • Arbeid med fibernett, mobilnett og energiforsyning
  • Arbeid med energistasjonar
  • Arbeid med parkering
  • Medlemskap i Lyntogforum
  • Dialog med og investering i Notodden Lufthavn
  • Arbeid med sykkelveg frå Dalen via Vinje til Ullensvang

Vyar

  • Jobbe for at E134 blir Noreg sin første hydrogenveg
  • Utvikle ein heilskapleg plan for korleis kommunen kan dra nytte av utviklinga av E134
safety equipment

Arbeidskraft og kompetanse

Arbeidskraft og kompetanse blir ofte nemnt som store utfordringar for næringslivet. I tillegg til det langsiktige bidraget frå skule- og oppvekstsektoren, skal kommunen aktivt bidra til at verksemder i Vinje har best mogleg tilgang på arbeidskraft og eit variert tilbod om kompetanseheving. 

Tiltak i 2023/24

  • Arbeid med bu- og besøksattraktivitet for å tiltrekke nye innbyggjarar, slik som kulturtilbod, skuterløyper, turstiar og langrennsløyper
  • Marknadsføring av Vinje kommune som ein god stad å bu og arbeide gjennom kampanjen Vinje naturlegvis
  • Betre integrering av nye innbyggjarar og arbeidstakarar gjennom folkevekstprosjektet og Vinjelosen
  • Samarbeid med Universitetet i Søraust-Noreg om utvikling av Campus Rauland og studietilbodet der
  • Formidling av lokale og regionale tilbod og tenester via kommunen sine nettsider. Les meir her
  • Involvering av lokalt næringsliv i alternative opplæringsarenaer for skuleungdom

Vyar

  • Fremje inkludering av folk som står utanfor arbeidslivet på ein meir aktiv måte
  • Fremje bruk av studentengasjement, praksis- og lærlingordningar, sommarjobbar, elevoppgåver og skulebesøk
  • Utnytte kompetansen og ressursane i fritidsbustadene på ein meir aktiv måte
  • Ordning med frikjøp av verksemder til lokale og regionale arrangement
Haukeli industriområde I

Næringsareal og tettstadutvikling

Tilgang på næringsareal og næringsbygg er ein føresetnad for næringsutvikling. Vinje kommune skal sjølv aktivt sikre seg areal til næringsutvikling, men også etablere kontakt med private eigarar av slike areal. Vinje kommune har tre sentrum i Åmot, Rauland og Haukeli/Edland. Næringsavdelinga skal bidra til positiv utvikling i desse tettstadene gjennom tett samarbeid med planavdelinga, private utbyggjarar, næringsaktørar og andre interessentar. Kommunen skal prioritere dei tre sentruma i utviklinga av næringsareal, næringsbygg, bustadareal og bustadbygging. Det er rom for spreidd utvikling, men gode sentrum vil vere ein styrke for alle. 

Tiltak i 2023/24

  • Rauland:
    • Utvikle næringsareal på Litangen
    • Leite etter areal til tyngre industriverksemd
  • Åmot:
    • Samtaler med grunneigar av areal aust for eksisterande næringsområde
    • Vurdere nytt næringsareal i Bøgrend
  • Haukeli/Edland:
    • Vurdere areal aust for eksisterande næringsomåde
    • Vurdere området mellom Esso og Joker som kombinert område for handel og bustader
  • 400 volt på alle næringsområda i kommunen

Vyar

  • Vurdere næringsareal vest for Haukeli (Moane)
  • Vurdere næringsareal i Rogdelid, som ligg i Tokke
  • Næringshage for kulturarbeidsplassar
  • Næringshage for landbruks- og matverksemder
  • Kontorfellesskap/møtelokale i dei ulike sentruma i kommunen
  • Pusse opp og skilte alle næringsområda i kommunen
  • Etablere eit sti-, løype- og parkvesen med ansvar for fellesgode i sentruma i kommunen
drone

Forsking, omstilling og innovasjon

Vinje kommune ønskjer å legge til rette for og ta del i aktivitetar som kan medverke til utvikling, innovasjon og omstilling i næringslivet vårt. Kommunen kan støtte prosjekt finansielt og med kompetanse og nettverk.

Tiltak i 2023/24

Vyar

  • Termisk varmelagring - prosjekt i samarbeid med Sintef
  • Mikrobølgeassistert pyrolyse (MAP)
  • Nytte kommunale innkjøp for å stimulere innovasjon og omstilling i det lokale næringslivet

Revisjon av næringsplanen

Næringsplanen har ingen utløpsdato og gjeld til noko anna blir vedtatt. Næringsplanen og underliggande planar/strategiar skal reviderast ved behov i tråd med kommunen sin planstrategi. Samtidig skal administrasjonen evaluere og oppdatere tiltaka i næringsplanen som ein del av den kommunale økonomi- og verksemdstyringa:

  • Oppdatering (januar): Evaluering av tiltak og utarbeiding av oppdatert tiltaksplan i høve verksemdsplanlegginga. Sak i formannskapet som spesifiserer endringar.
  • Årsmelding og arkivering (februar/mars)
  • Involvering (april-juni): Innhenting av innspel frå relevante aktørar, t.d. gjennom møte med næringslaga og drøfting i formannskapet
  • Budsjettering (august-september): Planlegging av tiltak som krev budsjettdekning
  • Budsjetthandsaming (oktober): Politisk handsaming av tiltak som krev budsjettdekning