Feie- og tilsynsruter

Det er Vest Telemark Brannvern som utfører feiing og tilsyn på vegne av kommunane. Feiing vil bli utført kvart tredje år og tilsyn kvart 6. Eigar vil få ein sms varsling i forkant, som du må svare på. For ny avtale eller spørsmål, kan du ta kontakt med Vest-Telemark Brannvern IKS.

Feie- og tilsynsgebyret er fastsett ut frå sjølvkost. Kostnaden vert årleg fordelt og ikkje innkrevd som totalkostnad det året feiing/tilsyn vert utført. Gebyret kjem på same faktura som dei andre kommunale gebyra.

2023

Feiing Bustad:

  • Frå Hylland til Rauland
  • Rauland til Varland , Møssvassdammen.
  • Hyllandsheiia,Øyfjell,Drivarbekkdalen til Austbø
  • Rauland til Arabyggdi

Branntilsyn Bustad :

  • Heile Åmot

Hytter Feiing og Tilsyn :

  • Frå Rauland sentrum til Austbø
  • Frå Austbø til Varland
  • Kryss Varland til Møssvassdammen 
  • Frå Rauland Sentrum til hyttefelt Harkjestaul.

 

Fylgjande område blei feia i 2022

  • Bustadar feiing: Åmot + frå Grungebru til og med Haukeli.
  • Bustadar tilsyn: Øyfjell/Drivarbekkdalen - Grungedal/Haukeli - Tveito/Bøgrend + Kullen i Åmot.


Fylgjande område blei feia i 2021:

  • Bustadar: Det var ikje feia bustadar i 2021 - bortsett frå dei som må feiast årleg.
    Det var tilsyn på bustadar frå Hyllandsfossen i Åmot - Rauland - Varland, Rauland - Vå og Arabygdi og frå Brubakk i Åmot til Tokke grensa.
  • Fritidsbustadar: Heile Møsstrond  og frå Haukeli til Åmot

 

Varsling
 

informasjon om feievarsel 2022.JPG

Lenke til kontaktinfo til feierane finn du her

Bålbrenning

I hovudsak er det forbode å brenne bål i nærleiken av skog og utmark mellom 15. april og 15. september. Det kan likevel gjevast tillating dersom det er opplagt at det ikkje kan førekomme eit ukontrollert branntilløp, eller om vedkommande har fått tillating frå brann- og beredskapsleiaren i kommunen. 

Vedkommande som ynskjer å tenne bål er sjølv ansvarleg for brannsikkerheit, og vil stå økonomisk ansvarleg dersom brannen kjem ute av kontroll. Brannvesenet kan også stille vedkommande økonomisk ansvarleg for ei eventuell utrykking dersom det kjem klager pga. røyk eller liknande som krev at bålet må sløkkast.

Bålbrenning skal også rapporterast inn til 110 sentralen via telefonnummer 33 31 41 10. 
Her må vedkomande oppgje personalia, adresse, kva som skal brennast og tidspunkt..

Brenning av flis, bygningsmateriale og anne søppel er forbode etter forureiningslova.

Renovering/reparasjon av pipe

Skifting og reparasjon/renovering av pipe er søknadspliktig etter pbl. §20-3 (søknad med ansvarsrett).

Det gjeld dersom det ikkje er søknad om anna i tillegg, (for eksempel fritidsbustad).

Lenke til søknadsskjema 5174, Erklæring om ansvarsrett 5181, men treng ikkje nabovarsel.

Det blir gjeve løyve til tiltak på same måte som til for eksempel fritidsbustad.