Vinje satsar no stort på å få fleire til å bli og å flytte til Vinje. 
Målet er å auke innbyggjartalet med 200 personar på 6 år. Saman med innbyggjarane, verksemder og akademiet, skal me finne dei beste løysingane for å auke innbyggjartalet.

To prosjekt skal medverke til å auke innbyggjartalet i kommunen. Det eine prosjektet er ein nettstad for potensielle tilflyttarar. Den heiter "Vinjenaturlegvis", og inneheld informasjon om jobb, næringsutvikling, bustad, fritid og oppvekst. 
Nettstaden er utforma slik at han skal vere godt synleg i digitale kanalar, spesielt nettsøk. Slik skal han lokke interesserte folk til kommunen. 
Lenke til vinjenaturlegvis.no finn du her

Det andre prosjektet, "Folkevekst i Vinje", har så langt gjennomført ein forstudie for å kartlegge tiltak som kan nå målet om 200 nye innbyggjarar. Forstudien resulterte i ein handlingsplan som blei vedteken i kommunestyret 18. november 2022. 
Du kan lese rapport frå forstudien og handlingsplanen her. 
For å følge opp handlingsplanen, vedtok kommunestyret også tilsetjing av ein "Vinjelos" i ei prosjektstilling på 6 år.

Meir informasjon om Vinjelosen finn du her