Prosjektet har som mål å fremje helse og trivsel blant heimebuande eldre i Vinje kommune. Innbyggjardeltaking og samskaping står sentralt i prosjektarbeidet.
Vinje kommune vart for 2022 tildelt tilskotsmidlar frå Fylkeskommunen til vidareutvikling av frisklivs-, lærings- og meistringstilbod, samt støtte frå Statsforvaltaren gjennom tilskotsordninga Kommunalt kompetanse- og innovasjonstilskot.
Prosjektramme
- Prosjektperioden er sett til 2 år
- Innbyggjardeltaking og tverrfagleg samarbeid vil stå sentralt i prosjektarbeidet
- Tilsette i Helse og meistring skal leie, delta i, og evaluere arbeidet
- Tiltak skal utviklast gjennom samskaping
Overordna mål er at eldre i Vinje
- er aktive deltakarar i samfunnet, meistrar eigne liv og har fleire gode leveår med best mogeleg helse og livskvalitet.
- er fysisk aktive, opplever matglede og fellesskap, og har kunnskap om korleis dei skal ivareta eiga helse
- får den helsehjelpa dei treng når dei har behov for det
Prosjektet er forankra i
- Leve hele livet – en kvalitetsreform for eldre (Meld.St.15 2017-2018)
- Kommunedelplan Helse og meistring (2017-2030), sist revidert 2023
I utvikling og gjennomføring av prosjektet er samskapande prinsipp og verdiar vektlagt, og brukarinvolvering, god forankring, felles målsetting og bruk av komplementær kompetanse er vektlagt. I prosjektgruppa er innbyggjarane representert med 3 seniorar..
I dei ulike fasane i prosjektet vert andre aktørar og interessentar invitert inn i prosjektet , mellom anna organiserte og uorganiserte frivillige, heimetenestene, demenskontaktar, fysio- og ergoterapitenesta, psykisk helse og rus og frivilligkoordinator. Prosjektet vil vektlegge seniorressursen som eit verdifullt og viktig bidrag i frivillig arbeid i Vinje kommune.
Saman vil me arbeide for å
- Bevisstgjere den enkelte eldre til å ta ansvar for eige liv
- Styrke eldre si helsekompetanse (forstå, vurdere og nytte helseinformasjon for å kunne ta kunnskapsbaserte val relatert til eiga helse)
- Kartlegge og gjere kjend lokale aktivitetar og tilbod
- Legge til rette for, og rekruttere til sjølvdrivne sosiale møteplassar
- Setje fokus på behov for tidleg innsats og helsehjelp, inkludert frisklivstilbod, tidleg demensutgreiing og velferdsteknologi