Aust i Vinje finn me Møsvatn, eit regulert vatn som ligg i buffersona til verdsarvområdet Rjukan-Notodden, med såkalla oppsluttande verdi. Møsvatn blei regulert allereie i 1904-06 av Skiens Brugseierforening saman med andre aktørar, og ei avtale i 1907 om Tinnosdammen la føring for vidare regulering av Møsvatn. Oppdemminga la grunnlag for kraftverk, to byar og stor industri, og er det me no kjenner som Rjukan-Notodden Industriarv. 

Utover åra blei dammen og reguleringshøgda større, og den jamne vassføringa mellom vidda og havet auka. I takt med dette blei stadig meir jordbruksland kring vatnet demt ned, og samstundes livsgrunnlaget for dei fastbuande. 

Møsstrond var tidlegare eit, etter tilhøva, livskraftig sjølvbergingssamfunn, basert på jordbruk, dyrehald, jakt og fiske. No blei eit areal på rundt 30.000 dekar sett under vatn, og viktige natur- og kulturverdiar gjekk tapt. 

På Møsstrond sto dei fastbuande att som taparar i det store kraft- og industrispelet, mot ein symbolsk kompensasjon.

Du kan lese meir om verdsarven i Telemark her, på industriarven.no