Hovudmål:
Kommunane i Vest-Telemark skal redusere det totale klimaavtrykket frå eiga verksemd, ta vare på naturmangfaldet og vera pådrivar for klimavenlege løysingar i regionen i samsvar med nasjonale føringar og målsetjingar


I handlingsplanen er fylgjande satsingsområde omtala med tiltak:

  • Arealforvaltning
  • Jordbruk
  • Skogbruk
  • Sirkulær økonomi og avfall
  • Transport
  • Innkjøp
  • ENØK

Iverksetting av tiltaka:
Det er oppretta eit klimaforum for å hjelpe kommunane gjennomføre tiltaka i klimaplanen. I klimaforumet er det representantar frå alle kommunane, og Vest-Telemarkrådet har tilsett ein klimakoordinator som skal organisere møta i forumet og trygge framdrift i koordinering og iverksetting av tiltak. Vinje kommune har minst 2 representanter i forumet for klimaplanen for Vest-Telemark – dette er eit viktig samarbeid for nå nasjonale, regionale og lokale mål i klimautfordringane.