Forsvarsmuseet

Forsvarsmuseet i Vinje er eigd av Vinje kommune og blir drifta av Venelaget for Vinje Forsvarsmuseum.

Vårt mål er å informere om kamphandlingane i Vinjesvingen i 1940, livet under krigen og ha utstillingar knytt til dette.

Me har og som mål å kunne informere om Forsvarshistorie i Vinje og Vest Telemark, då med gjenstandar/utstillingar som omhandlar personar og operasjonar som er gjennomført i vår teig.

Me har spesielt fokus på å informere ungdom i nærområdet. Skuleklasser er difor hjartleg velkomne.

Museet er ope for omvising om sommaren,  for meir informasjon og ev bestilling av omvising utanfor sesong:
Kontakt Leiar i Styret Olav Aalandslid, mobil 99 44 92 30.

Forsvarsmuseet har eiga facebookside, lenke til sida finn du her

Vest-Telemark Museum

Fem museum i Vinje kommune er i dag medlem av stiftinga Vest-Telemark Museum, som står for drifta av alle anlegga. 
Les meir om musea og opningstidene her

Musea får eit kommunalt tilskot. Desse midlane vert kanalisert gjennom stiftinga Vest-Telemark Museum, der anlegga får tilgang på museumsfaglege tenester. 

Vinje kommune er eigar av kunstsamlingane ved Dyre Vaa-samlingane ved sida av at dei eig dei andre anlegga med bygningar og innhald, utanom Øyfjell Bygdemuseum.

Vinjesenteret

Vinjesenteret er eit nasjonalt senter for dikting og journalistikk som ligg idyllisk til ved Vinjevatn. Senteret er ein del av stiftinga Nynorsk kultursentrum, som også driv Aasentunet i Ørsta og Haugesenteret i Ulvik. Alle tre musea formidlar på sin måte skriftkultur, nynorsk kunnskap og kultur, både lokalt og nasjonalt.

I museumsutstillinga på Vinjesenteret får gjestene innblikk i kva dikting og journalistikk fortel om oss menneske og kva det tyder for oss. Her finn ein utdrag frå bøker og journalistikk, bilete, sitat, flotte digitale installasjonar, spel om kjeldekritikk, barneløype, barnevegg og lesekrok. I sumarsesongen tilbyr senteret daglege omvisingar i A.O. Vinjes barndomsheim Vinjestoga.

I den trivlege museumsbutikken er det enkel servering, og sal av bøker og gåveartiklar av ulike slag.

Les meir om Vinjesenteret her