Støtte til energieffektivisering

Kommunen tilbyr støtte til energieffektivisering (ENØK) i næringsbygg. Private verksemder med adresse eller avdeling med rekneskap i Vinje kommune kan søke om støtte. Kommunen handsamar søknadar fortløpande og gir tilskot inntil ramma er brukt opp. Meir informasjon og søknadsskjema ligg på www.vinjenett.no.

Statlege straumstøtteordningar

Nasjonal energitilskotsordning

Regjeringa har etablert ei ny søknadsbasert tilskotsordning for verksemder spesielt råka av høge straumprisar. Tilskotet gjeld for kostnadar frå 1. oktober til og med 31. desember 2022. Ordninga er lansert og blir administrert av Enova via nettsida www.energitilskuddsordningen.no. Her finn du informasjon om ordninga og kva du bør gjere alt no for å førebu ein eventuell søknad. Søknadsfristen er 11. desember 2022.

(Kjelde: www.regjeringa.no)

Nasjonal lånegarantiordning

Regjeringa har etablert ei subsidiert garantiordning for banklån. Dette inneber at staten garanterer for inntil 90 prosent av beløpet i nye banklån til verksemder som står overfor ein akutt likviditetsmangel som følge av høge straumutgifter. 

Les meir her

(Kjelde: www.regjeringa.no)

Fastprisavtaler på strøm

Regjeringa arbeider for å legge betre til rette for fastprisavtaler på strøm. Les siste pressemelding om temaet her

(Kjelde: www.regjeringa.no)

Kommunalt næringsfond

For å stimulere til næringsutvikling kan kommunen gje økonomisk støtte til einskilde verksemder og næringsprosjekt. Søknadar blir handsama politisk.

Retningsliner for kommunal støtte (PDF)

Søknadsskjema

Fast tilskot til reiselivs- og næringsutvikling

Dei tre næringslaga i kommunen (Rauland, Vinje/Øyfjell og Haukeli/Vågslid) får ei årleg støtte frå kommunen til å drive reiselivs- og næringstuvikling. Tilskotsordninga er utforma som ei behovsprøvd ramme, med krav til eigenandel. 
 

  2022 2023 F.o.m. 2024
Rauland Turist AS - støtte totalt 1 970 000 1 500 000 1 500 000
Tilskot husleige turistkontor 220 000    
Sal av aksjar 250 000    
Tilskot reiselivs- og næringsutvikling 1 500 000 1 500 000 1 500 000
Eigenandel 65% 60% 55%
       
Vinje næringslag - støtte totalt 1 050 000 1 000 000 1 000 000
Tilskot husleige turistkontor 50 000    
Tilskot reiselivs- og næringsutvikling 1 000 000 1 000 000 1 000 000
Eigenandel 25% 25% 30%
       
Haukeli næringslag - støtte totalt 1 050 000 1 000 000 1 000 000
Tilskot husleige turistkontor 50 000    
Tilskot reiselivs- og næringsutvikling 1 000 000 1 000 000 1 000 000
Eigenandel 25% 25% 30%
       
Kommunal støtte totalt 4 070 000 3 500 000 3 500 000

For å få tilskot må næringslaga/destinasjonsselskapa legge fram ein plan som skisserer tiltak, inkludert kostnader/inntekter og finansiering. Tiltaka må vere innanfor vedtekne planar, føresegner, lovar og reglar. Kommunen vurderer og tilrår tilskot administrativt, innom løyvde rammer. Næringslaga/destinasjonsselskapa må dokumentere bruken av tilskotet i etterkant.

Tilskot til landbruksføremål

Vinje kommune støttar tiltak og investeringar i landbruket som medverkar til auka lønsemd, produksjon, tal bruk i drift, rekruttering og busetjing. 

Lenke til meir informasjon og søknadsskjema

Telemark utviklingsfond

Telemark utviklingsfond vart etablert i desember 2009. Fondet skal være eit verkemiddel for å skape og underbygge ei positiv befolkningsutvikling og næringsutvikling i alle delar av det som utgjer Telemark fylke på det tidspunktet fondet vart oppretta. Fondet skal særleg støtte utviklingstiltak i næringssvake kommunar og kommunar med folketalsnedgang. Fondet byggjer på eit grunnleggande prinsipp om berekraftig utvikling. 

Les meir på fondet sine nettsider