Har du lyst til å vera ferievikar hjå oss ? 

"Vinje er som Paris. Hver kvadratmeter har sin historie", sa Henrik Sørensen. Midt mellom Oslo og Bergen, i foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie. 

Når sommaren kjem skal våre tilsette ha ferie, og me treng vikarar. Me treng deg som vil gjera ein innsats, er opptatt av kvalitet, og er glad i andre menneske. 

Ferieperioden er veke 25-33. Det er viktig at du som søkjar seier kva for veker i perioden du kan jobbe. Søkjarar som kan jobbe 6-8 veker blir prioritert, og du må rekne med å arbeide annankvar helg. 

Om du binder deg for 6 veker i perioden veke 25-31 blir bonus 1000 kr per veke, i tillegg til ordinær løn. 
Om du binder deg for 6 veker i perioden veke 27-33 blir bonus 2000 kr per veke, i tillegg til ordinær løn. 
Om du binder deg for 8 veker, heile perioden, veke 25-33 blir bonus 2500 kr per veke, i tillegg til ordinær løn. 

Det er ein føresetnad at du faktisk jobbar 75 - 100% i avtalte veker for å få utbetalt bonusen. 

Opplæring blir avtalt med kvar enkelt ferievikar. Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande etter søknadsfristen. Det er viktig at du oppgjev e-postadresse og telefonnummer i søknaden.  

Ynskje om kvalifikasjonar

Deg som er helsefagleg utdanna, er i gang med helsefagleg utdanning, og helst fylt 18 år. 
Eigen lønsstige for studentar under relevant utdanning. 

Alle som får tilbod om stilling må: 

  • Ha gyldig politiattest 
  • Språkkunnskapar minimum på nivå B2 
  • Levere vitnemål og attestar 
  • I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast

Psykisk helse- og rus og tenester til personar med nedsett funksjonsevne

Svingen Bufellesskap 
Saksnr.  2024/550           

Svingen er eit moderne bufellesskap, med 11 leilegheiter, fellesareal inne og ute. Me yter tilrettelagte tenestar til menneske med ulike funksjonshemmingar i alle aldrar, med ulike bistandsbehov. Her har den einskilde vedtak på tenester, og arbeidet vårt er å bistå den enkelte i ulike daglegdagse gjeremål. Det betyr alt frå pleie og omsorg til å bli med på ulike aktiviteter. På Svingen har me eit godt arbeidsmiljø, me er ein glad gjeng som hjelper og støttar kvarandre. Fleire av dei som bur her har egne bilar, og likar ut på tur, så det er viktig at du har førarkort kl. B, og helst for manuelt gir. Me ser fram til å få deg som kollega i sumar. 

Kontakt: 

Hjørdis Saupstad, på telefon 97 02 82 18


Institusjonstenester 
Saksnr. 2024/529

Sjukeheimen har Korttidsavdeling, Dialyseavdeling og Langtidsavdeling. Langtidsavdeling er dela inn i tre mindre grupper. Vi treng vikarar på Dialyseavdelinga, vikarar retta mot pleie og omsorg ved sjukeheimsavdelingane og vikarar for kjøkkenvertar retta mot mathandtering og tilrettelegging av måltid for bebuarane på sjukeheimen. Du må vera motivera til å gjere ein innsats og ha fokus på å skape gode dagar for bebuarar, pårørande og kollegaer.

Kontakt:

Avdelingsleiar: Hanne Kristin Haugland Finckenhagen, på telefon 99 25 16 24


Heimetenester 
Saksnr.  2024/587

Me har behov for ferievikarar i heimesjukepleia, og som heimehjelp i Øvre og Rauland distrikt. Ved omsorgssentera i Øvre(Edland) og på Rauland har me behov for ferievikarar til å hjelpe bebuarar, og på kjøkken. I heimesjukepleia held tenesta bil, heimehjelpvikarar må pårekne å nytte eigen bil. Du må ha førarkort klasse B, manuelt gear. Det er viktig at du skriv i søknaden kva teneste du ynskjer å vera ferievikar i, og kva du prioriterer om du søkjer på fleire stillingar. 

Kontakt: 

Rauland, avdelingsleiar Hege Rorgemoen, på telefon 48 21 01 56 
Øvre (Edland), avdelingsleiar Arnhild Romtveit, på telefon 47 64 02 76 


Helse og førebygging, Vinje Legekontor 
Saksnr. 2024/569

Me har behov for ferievikar på legekontoret i sommar. Arbeidet inneber jobb på skadestoge, laboratorium, resepsjon og administrative funksjonar. Arbeidstida er måndag til fredag kl 08.00 til 15.30. Arbeidsstaden vil vera Vinje Legekontor i Åmot. Personlege eigenskapar som god kommunikasjon, evne til å jobbe under stress og hektiske periodar, godt humør, ei positiv innstilling og engasjement vil bli vekta. Det er ynskjeleg med erfaring frå liknande arbeid. Sjukepleiarar, 3.års sjukepleiestudentar, medisinstudentar og bioingeniørar oppfordrast til å søkje. 

Kontakt: 

Avdelingsleiar Ingrid Helene Smeland, på telefon 97 05 34 62 


Søknaden må du sende inn på elektronisk skjema. Lenke til skjema finn du her

Velkomen som søkjar!