Grunna nye konsesjonsvilkår vil ikkje ljosløypa i Åmot bli køyrt opp som vanleg.

I revisjonen av konsesjonsvilkåra for Tokke – Vinjevassdraget, vedteke 17.06.2022 blei Statkraft pålagt minstevassføring frå Vinjevatn. Dei nye konsesjonsvilkåra inneber at det skal tappast 2 m3/s om sommaren og 1 m3/s på vinteren frå Vinjevatn og vidare ned i Vinjeåi. 
Vinjeåi kryssar ljosløypa på to plassar (øvre og nedre terskel).  Statkraft har no iverksett denne tappinga og med desse vassmengdene over tersklane kan ikkje ljosløypa bli køyrt opp her.

  • Løypa som ikkje er berørt av tappinga, vil også i år bli køyrt opp av idrottslaget.

Til informasjon er nokre av ljosa langs løype dessverre i ustand. Desse vil ikkje bli ordna i vinter då det er fleire ting som må utbetrast og det vil vera eit arbeid knytt til planar som er under prosess.

Konsesjonsvilkår

Her kan du lese meir om konsesjonsvilkåra: Konsesjonssak - NVE

Kart over ljosløypa rundt Ormetjønn

På kartet under vises med blå strek den delen av løypa som vil bli tråkka, 
og det som er merka med raud strek vil ikkje bli tråkka. 

Eit bilete som inneheld kart, tekst

Automatisk generert skildring