Bakgrunn

Noreg har plikta seg til å kutte klimagassutslepp med 50 % innan 2030 samanlikna med 1990.
Vidare har Fylkestinget for Vestfold og Telemark vedteke at regionen skal kutte 60 % i direkte klimagassutslepp innan 2030 samanlikna med 2009 og vere eit lågutsleppssamfunn innan 2050.

For å nå dette målet, er det viktig at alle sektorar, både nasjonalt, regionalt og lokalt bidreg.
Kommunen har ein sentral rolle i dette arbeidet, av dei nasjonale utsleppa er omtrent 20 % knytt til kommunal verksemd. Kommunen har ein viktig rolle som politisk aktør og lokal samfunnsutviklar, myndigheitsutøvar og innkjøper, samt eigar og driftar av eigne anlegg.
Kommunestyret vedtok 15.09.21 sak 21/67 klimarekneskap for kommunens drift i 2020.

Dagens klimagassutslepp gjev ein peikepinn på kvar framtidige utsleppskutt kan skje.
Diagramma under viser utviklinga dei seiste 10 åra, fordela på dei ulike sektorane; Annan mobil forbrenning, avfall og avløp, energiforsyning, industri, olje og gas, jordbruk, luftfart, oppvarming, sjøfart og vegtrafikk (fig. 1). I Vinje kommune er det per 2019 vegtrafikken med 63 % som er den største utsleppskjelda, vidare kjem jordbruk med 23 %, annan mobil forbrenning med 8 %, oppvarming med 4 % og avfall og avløp med 2 %.
Det totale utsleppet i heile Vinje kommune i 2019 er 28 500 tonn CO2 . Det må leggjast til at tala ikkje er justert for opptak av CO₂ i myr, skog, dyrka mark og anna arealbruk.
Utsleppet per innbyggjar er omlag 7,8 tonn CO2.

w e 49F 8zwSSlQAAAABJRU 5ErkJggg==

Figur 1. Oversikt over direkte utslepp i Vinje kommune. Figurane er henta frå den interaktive rapporten til VTfk om klimagassutslepp i regionen basert på utsleppsstatestikk frå miljødirektoratet per 2019.

Klimarekneskap for kommunes drift

Klimarekneskapet viser per i dag det samla klimagassutsleppet i kommunens drift, og dekkjer einingane barnehagar, skular, institusjonar, helsehus, teknisk drift og vedlikehald, kommunehuset, samt brann og beredskap og Vest-Telemark driftssenter knytt til Vinje. Alt av utslepp knytt til forbruk er rekna om til CO₂-ekvivalentar og visast i kg CO₂. Summen av alle utsleppa er klimafotavtrykket til kommunen. Vinje kommune har nytta malen til VTfk basert på GHG-protokollen (Green House Gas Protocol4). Scope er bytta ut med Klimafokus.

Klimarekneskap er dela inn i tre delar:

  • Klimafokus 1 omfattar alle direkte utslepp som er eigd eller kontrollert av kommunen, anten til oppvarming og fossilt drivstoff frå kommunens eigne køyretøy.
  • Klimafokus 2 omfattar indirekte utslepp, til dømes frå kaup av elektrisitet og fjernvarme.
  • Klimafokus 3 er hovudsakleg utslepp frå kollektivtransport og avfallshandtering, bygg og infrastruktur, forbruk av varer og tenestereiser, samt km-godtgjersle.

zMUKLJjV 6vyvkllzJykboU 0XRzysCpkBAHYspzKhKKAKKgCJgHATUsRjHFiqJIqAIKAKmQEAdiynMqEooAoqAImAcBNSxGMcWKokioAgoAqZAQB 2LKcyoSigCioAiYBwE 1LEYxxYqiSKgCCgCpkDgT 7i 2E 8UsPKrrAAAAAElFTkSuQmCC

 

Kva kan kommunen gjere for å nå målet med 60 % CO2-utslepp innan 2030?

  • God miljøleiing og Miljøfyrtårnsertifisering.
  • Kjeldesortering på alle einingar og bygg vil redusere både kostnadar og utslepp, samstundes er det bra for miljøet.
  • Melde kommunen inn i «opprinnelsesgaranti-ordninga» i tråd med Plan for klima og berekraft.
  • Følgje opp ladestrategien ved utbyting av kommunale bilar.
  • Føre arealrekneskap som vert inkludert i klimarekneskapet.
  • Unngå omdisponering av karbonrikt areal som myr, våtmark, skog o.l.
  • Setje krav til klimarapportering i kommunale bygge- og anleggsprosjekt (drivstoff-forbruk, køyrde km, energibruk mm.).
  • Setje klimakrav, miljøkrav og energikrav i nye anbodsprosessar og kontraktinngåing der det er mogleg.
  • Setje miljø- og energikrav ved rehabilitering av bygg.
  • Alle kommunale bygg skal byggast i tre eller materialar med låg klimafotavtrykk.
  • Alle nye kommunale bygg skal vere energimerka og energieffektive.
  • Bruk av energikjelde med lågt klimafotavtrykk skal vurderast i alle kommunale byggeprosjekt.
  • Følgje opp klimasatsmidlar og andre stønadsordningar for klimatiltak i kommunen.
  • Følgje opp prosjekt med hydrogenfyllestasjonar i Vest-Telemark for å redusere utslepp frå tungtrafikken langs E134.
  • Følgje opp prosjekt knytt til restaurering av øydelagde myr i kommunen.

 0HVP 1GQRmwWAAAAAElFTkSuQmCC

Samla saksframlegg med vedtak i kommunestyret 15.09.21
Klimarekneskap for 2020