Klimarekneskapet for kommunens drift 2021 vart vedteke i kommunestyret 12.05.2022, sak. 37/22.
 
Noreg har plikta seg til å kutte klimagassutslepp med 50 % innan 2030 samanlikna med 1990. Fylkestinget for Vestfold og Telemark har vedteke at regionen skal kutte 60 % i direkte klimagassutslepp innan 2030 samanlikna med 2009[1], og vere eit lågutslepp-samfunn innan 2050. For å nå detta målet er det viktig at alle sektorar, både nasjonalt, regionalt og lokalt bidreg. Kommunen har ein sentral rolle i dette arbeidet, av dei nasjonale utsleppa er omtrent 20 % knytt til kommunal verksemd. Kommunen har ein viktig rolle som politisk aktør og lokal samfunnsutviklar, myndesutøvar og innkjøpar, samt eigar og drift av eigne anlegg. 
 
Dagens klimagassutslepp gjev ein peikepinn på kvar framtidige utsleppskutt kan skje. Diagramma under viser utviklinga dei seiste 10 åra, fordela på dei ulike sektorane; Annan mobil forbrenning, Avfall og avløp, Energiforsyning, Industri, olje og gas, Jordbruk, Luftfart, Oppvarming, Sjøfart og Vegtrafikk (fig. 1). I Vinje kommune er det vegtrafikken med 54 % som er den største utsleppskjelda, vidare kjem jordbruk med 21 %, annan mobil forbrenning med 15 %, oppvarming med 7 % og avfall og avløp med  %. Det totale utsleppet i Vinje kommune i 2020 er 34 172 tonn CO2 , ei auke på 7,8 % frå 2019 til 2020. Det må leggjast til at tala ikkje er justert for opptak av CO₂ i myr, skog, dyrka mark og anna arealbruk. Utsleppet per innbyggjar er omlag 9,3 tonn CO2.
 
Figur 1. Oversit over direkte utslepp 2021.jpg
 
Figur 1. Oversikt over direkte utslepp i Vinje kommune. Figurane er henta frå den interaktive rapporten til VTfk om klimagassutslepp i regionen basert på utsleppsstatestikk frå miljødirektoratet per 2020.[2]
 
Klimarekneskap for kommunes drift
Klimarekneskapet viser per i dag det samla klimagassutsleppet i kommunens drift, og dekkjer einingane barnehagar, skular, institusjonar, helsehus, teknisk drift og vedlikehald, kommunehuset, samt brann og beredskap og Vest-Telemark driftssenter knytt til Vinje. Alt av utslepp knytt til forbruk er rekna om til CO₂-ekvivalentar og visast i kg CO₂. Summen av alle utsleppa er klimafotavtrykket til kommunen. Vinje kommune har nytta malen til VTfk basert på GHG-protokollen (Green House Gas Protocol4). Scope er bytta ut med Klimafokus.
 
Klimarekneskap er dela inn i tre delar:
 
Klimafokus 1 omfattar alle direkte utslepp som er eigd eller kontrollert av kommunen, anten til oppvarming og fossilt drivstoff frå kommunens eigne køyretøy.
Klimafokus 2 omfattar indirekte utslepp, til dømes frå kaup av elektrisitet og fjernvarme.
Klimafokus 3 er hovudsakleg utslepp frå kollektivtransport og avfallshandtering, bygg og infrastruktur, forbruk av varer og tenestereiser, samt km-godtgjersle.
 
CO2 utslepp i tonn for 2021.png
Figur 2. Vinje kommune sitt klimafotavtrykk i 2021 for eigen drift er 498,8 tonn CO2, ei auke på 11,2 % frå 2020.
 
Kva kan kommunen gjere for å nå målet med 60 % reduksjon av CO2-utslepp innan 2030?
God miljøleiing og Miljøfyrtårnsertifisering.
Kjeldesortering på alle tenesteområda og bygg vil redusere både kostnadar, utslepp og betre miljøet.
Følgje opp «opphavsgarantiordninga» i tråd med Plan for klima og berekraft.
Følgje opp ladestrategien ved utbyting av kommunale bilar.
Arbeide med ladeinfrastruktur i kommunen.
Føre natur-/arealrekneskap som kommenterast i klimarekneskapet.
Unngå omdisponering av karbonrike areal som myr, våtmark, skog o.l.
Setje krav til klimarapportering i kommunale bygge- og anleggsprosjekt (drivstoff-forbruk, køyrde km, energibruk mm.).
Setje klimakrav, miljøkrav og energikrav i nye anbodsprosessar og kontraktinngåing der det er mogleg.
Setje miljø- og energikrav ved rehabilitering av bygg.
Alle kommunale bygg skal byggjast i tre eller materialar med låg klimafotavtrykk.
Alle nye kommunale bygg skal vere energimerka og energieffektive.
Bruk av energikjelde med lågt klimafotavtrykk skal vurderast i alle kommunale byggeprosjekt.
Følgje opp klimasatsmidlar og andre stønadsordningar for klimatiltak i kommunen. 
Følgje opp prosjekt med hydrogenfyllestasjonar i Vest-Telemark for å redusere utslepp frå tungtrafikken langs E134. 
Arbeide med naturrestaurering i kommunen.
 
Dokument: