Åmot skule er omkransa av vakker natur og spennande fjellområde. Skulen er sentral i bygda vår med flotte bygg og idrettsanlegg vegg i vegg. Skulen vår er ein 1 – 10-skule med vaksenopplæring. Me har om lag 210 flotte og engasjerte elevar frå alle verdas hjørne. Med 40 dyktige tilsette på laget er me opptekne av å ha rom for alle og blikk for den eine. 

Grunnskulen og vaksenopplæringa har behov for tilkallingsvikarar for kortare og lenger periodar frå snarast ev. etter avtale. Har du lyst på ein spanande og meiningsfull jobb og er interessert i å bli kjend med dei flotte elevane våre – send oss ein søknad i dag. Me tek kontakt med aktuelle søkjarar fortløpande og etter kvart som behova oppstår. 


Arbeidsoppgåver  

  • Planleggje og gjennomføre undervisning i tråd med LK20  
  • Skape eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø for elevane med god klasseleiing 
  • Delta i og bidra til lærande fellesskap ved skulen
  • Delta i tverrfagleg samarbeid
  • Tolk for Ukrainske elevar

Kvalifikasjonar  

  • Godkjend lærarutdanning 1.–7. trinn og 5.–10. trinn ift. opplæringslova 
  • Lærarstudentar og barne- og ungdomsarbeidarar/assistentar kan også søkje
  • Anna relevant kompetanse kan vurderast
  • God fag- / metode- / relasjonskompetanse  
  • Gode digitale ferdigheiter og kunnskap om pedagogisk bruk av IKT 
  • Erfaring med arbeid med barn og ungdom er ynskjeleg

 Personlege eigenskapar  

  • Du er ein trygg, raus og tydeleg klasseleiar  
  • Du tek initiativ til nye arbeidsmåtar 
  • Du har fokus på elevane sine moglegheiter for læring  
  • Du er fleksibel, omstillingsdyktig og finn løysingar  
  • Du er strukturert og overheld tidsfristar  
  • Du kommuniserer godt med kollegaer, elevar, føresette og andre samarbeidspartnarar  
  • Du tek ansvar og er profesjonell  
  • Du er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø 
  • Du er ein god relasjonsbyggjar 

Me tilbyr 

  • Flotte og engasjerte elevar frå alle verdshjørne 
  • Eit engasjert elevråd  
  • Kantine med gratis skulemat for elevar og hyggeleg pris for tilsette 
  • Løn etter avtale  
  • Ein interessant og utviklande jobb i eit godt og fagleg arbeidsmiljø 
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar 

Generell informasjon  

  • Utanlandske søkjarar må ha generell godkjenning frå NOKUT og UDIR for å få tilsetjing  
  • Ved ny tilsetjing vert det stilt krav om politiattest, jf. opplæringslova §10-9. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månader og skal ikkje leverast med søknaden  
  • I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta 
  • Me gjer merksam på at etter offentleglova §25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å blir ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til fylgje, vert søkjaren varsla om dette  
  • Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Kopi av vitnemål og attestar skal leverast i samband med intervjuet  

Søknaden må bli sendt elektronisk. Lenke til søknadsskjema finn du her