Vinje kommune har starta opp med eit tilbod til deg som bur heime og fyller 75 år i løpet av kalenderåret. Me er allereie godt i gang, og har til no hatt 17 fine samtaler!

Me er mellom anna interessert i å høyre kva det er som gjer din kvardag god, og kva du fyller den med. Hovudfokuset vil vera “Kva er viktig for deg?” 

Dette er eit tilbod til deg som ikkje mottek heimetenester frå kommunen, og invitasjon til samtale vil bli sendt ut fortløpande.

Det er Marianne Eriksen, sjukepleier, og Åsne S. Rorgemoen, ergoterapeut, som gjennomfører samtalene.

Me gler oss til å treffe dykk!