Demens er ein sjukdom som rammar både den som får demens og familien og vener. Alle kjenner eller har kjent ein person med demens. 


Då det blir fleire eldre i Noreg, aukar også talet på personar med demens. Kunnskap om dette er difor viktig .

Me har no oppdatert informasjonen om demens på heimesida vår. 

Her kan de finne generell informasjon om demens, kven de kan kontakte ved mistanke om demens og kva slags tilbod me har i kommunen i dag for personar med demens, og til pårørande. 

Det er også ein eigen boks med nyttige eksterne lenker som gjev  informasjon om ulike tema innanfor demens.
Ved spørsmål, ta gjerne kontakt med demenskoordinator i Vinje kommune, Marianne Eriksen.