Vinje kommune skal velje meddomarar til Telemark tingrett, Agder lagmannsrett og Telemark jordskifterett. Alle som er interesserte i å vere meddomar eller ynskjer å foreslå ein til å vere det kan ta kontakt med kommunen.
 

Er du interessert i å vere meddomar eller ynskjer du å foreslå ein person til det? Send ein e-post til postmottak@vinje.kommune.no

Kommunen ynskjer eit mangfald av meddomarar og treng både kvinner og menn.

Ein meddomar er ein vanleg innbyggjar som er med på ta avgjersler i rettsakar saman med juridiske fagdomarar. Å vere meddomar er ei samfunnsplikt, du har krav på fri frå arbeid når du blir kalla inn. Når du blir kalla inn er det også eit krav at du må møte. Du må rekne med å bli kalla inn mellom 1 – 3 gonger i året.

Du kan lese meir om kva ein meddomar gjer her

Kven kan bli meddomar?
Det er nokre krav i lova om kven som kan bli valde. Du må mellom anna ha tilstrekkeleg norskkunnskap, ha digitale ferdigheitar og vere ein person som er eigna til oppgåva.

  • Du må vere over 21 år og under 70 år, ved valperiodens start
  • Du må ikkje vere under offentleg gjeldsforhandling eller konkurshandsaming eller i konkurskarantene
  • Du må vere folkeregistrert i Vinje kommune
  • Du må vere norsk statsborgar
  • Nokre stillingar kan ikkje bli kombinert med det å vere meddomar
  • Du må ha godkjend vandel

For å bli meddomar i jordskifteretten er det nokre ekstra krav. Dei finn du her
 

Her finn du praktisk informasjon om det å vere meddomar