Onsdag kveld 12.04 blei det skipa eit interessant møte på Vinjehuset. Oppvekstansvarleg i kommunen, Anders Sandvik hadde foredrag om kva som skal til for at verksemder/gardsbruk kan gi tilbod om alternativ skuleopplæring hos seg på oppdrag for kommunen.

Dette er noko me treng meir av i skulen og det gjev ofte eit løft for dei elevane som får vise engasjement og utvikling.

Det var fin dialog i møtet og mange hadde gode tankar om opplegg som kan eigne seg for elevar. Me fekk høyre frå fleire som hadde praktisk erfaring frå blant anna «Inn på Tunet» og som har sett den gnisten det ofte gjev med meistring og aktivitet som gjev glede i skulekvardagen. Me er sikre på at det ligg eit stort potensiale i kommunen og håpar at mange tek kontakt med Anders Sandvik om dette. Slik aktivitet og hjelp er noko som sit i hos elev og vaksen, ofte kan me vere med å hjelpe til for livslang meistring for dei me satsar litt ekstra på. Kva er vel meir viktig i eit samfunn?