Sentralen fungere som brubyggjar for menneske, frivillige organisasjonar, samanslutningar og det offentlege. Frivilligsentralen sin funksjon er i hovudsak å initiere, mobilisere og samordne frivillig innsats i kommunen. Sentralen stimulerer einskildpersonar og grupper i Vinje til å bruke seg sjølv i frivillig arbeid ved å:

  • vere ein pådrivar og legge til rette for frivillig arbeid.
  • vere ein ressurs for frivillig arbeid i Vinje.
  • synleggjere eksisterande frivillig arbeid.
  • utvikle gode samarbeidsformer mellom profesjonelle og frivillige.
  • bidra til auka samarbeid mellom ulike frivillige organisasjonar og grupper.
  • stimulere frivillige til å melde behov til frivilligsentralen og offentlege etatar.
  • vere eit supplement til dei offentlege tenestetilboda

Dersom det er noko frivilligsentralen kan hjelpe deg med er det bare å ta kontakt på mail eller telefon. Vinje frivilligsentral har kontorplass på kommunehuset saman med kultur, det er også veldig triveleg om du vil koma innom her.