Me ynskjer innspel frå deg som har tankar om kvar det manglar ein benk å slå seg ned på.

Vinje kommune har motteke midlar frå Vestfold og Telemark fylkeskommune som skal bidra til aldersvenleg stadutvikling. Kvito As har fengje oppdrag frå kommunen om å designe og produsere aldersvenlege benkar som ein ynskjer skal bidra til gode sentrumsnære møte- og kvilestadar.

  • Men kvar i kommunen skal dei stå?
  • Kan ein benk setje i gang ei samtale mellom kjende og ukjende, vener og uvener eller gje ei pause på veg til og frå ærend i nærleiken?
  • Kan til dømes ein ny benk i sentrum bidra til at du kan gå ein lengre tur enn før fordi du har moglegheit til ei pause på vegen?
  • Kan ein benk bidra til leik eller kvile for små bein på veg til og frå andre aktivitetar?

Ynskje og innspel kan sendast til postmottak@vinje.kommune.no (merk: Benkeforslag) eller lever på Tenestetorget 
innan 16.juni 2023. 

Legg gjerne med eit bilete av staden der du meiner det manglar ein benk.