Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Helse, omsorg og sosiale tenester

Å ha ei god helse er å ha det godt og trivast med deg sjølv og dei du er saman med. 

Helse og omsorgstenestene er ein av grunnpilarane i det kommunale tenesteapparatet, og rommar tenester til alle innbyggjarane, i ulike fasar og med varierande tenestebehov. Tenestene skal førebyggje, rettleie, hindre, oppdage, behandle og lindre.

Staten har ansvar for å sikre like rammevilkår gjennom regelverk og økonomiske rammer. Dei fleste oppgåver er lovpålagte og forskriftsstyrte. Kompetanse og kvalitet er fundamentet i tenestene og Staten har ansvar for å føre tilsyn og kontroll.