Formannskapet vedtok 29.02.2024 i sak 22/24 å leggje kommunal planstrategi for Vinje kommune 2024-2027 ut på høyring. 

 

Planstrategien skal vedtakast minst éin gong i kvar valperiode, og seinast eitt år etter at nytt kommunestyre er konstituert. Planstrategien skal fyrst og fremst avgjere om kommuneplanens arealdel og kommuneplanens samfunnsdel skal rullerast. I tillegg viser planstrategien for Vinje kva anna større planarbeid som skal gjennomførast i perioden, og i kva rekkjefylgje det skal gjerast. 

Hovudpunkt i utkastet til planstrategien: 

  • Det er ikkje lagt opp til å rullere kommuneplanens samfunnsdel i denne perioden. 
  • Rulleringa av kommuneplanens arealdel er i gang, samt rullering av KDP Åmot og KDP Rauland. 
  • Dei andre kommunedelplanane (Edland/Haukeli, Rukkemo-Torvetjønn og Vågslid) skal ikkje rullerast i denne perioden jf. utkastet til planstrategien. 

Som vedlegg til saka ligg Utfordringsnotat og Tal om Vinje. 

Frist for innspel til planstrategien:

Dokument i saka: