Det er no mange som igjen skal ta kollektivt til jobb og skule. Nytt sjansen til å få på plass gode vanar frå starten.

Det er liten tvil om at bilbelte reddar liv, og talet på bilistar som faktisk nyttar belte har, etter gjentatte kampanjer frå myndigheitane, stige dei siste åra. 

Lista nedanfor illustrerar kvifor beltet er så viktig:                           

  • Å kollidere i 50 km/t utan bilbelte tilsvarar eit fritt fall på 10 meter.
  • Å kollidere i 70 km/t utan bilbelte tilsvarar eit fritt fall på 19 meter.
  • Å kollidere i 90 km/t utan bilbelte tilsvarar eit fritt fall på 32 meter.
  • Skadefrekvensen for personskader er opp til ti gonger høgare i tettstader enn utanfor.

Ta vare på deg sjølv og dei rundt deg, nytt alltid sikkerhetsbelte, også i buss.