Vinje kommune sitt idrettsstipend for 2022 gjeng til Odin Øyre Åland for sitt store pågangsmot, høge engasjement og brennande interesse for skigåing, treningsopplegg og teknikk.
 

Vinje idrettsråd meiner Odin Øyre Åland har levert den beste søknaden for 2022, der det tydeleg kjem fram korleis han arbeider med, og utviklar talentet sitt innan langrenn. I tillegg er det verdt å merke seg at Åland nyttar posisjonen som dekorert idrettsutøvar til å vere eit godt førebilete for andre i idrettslaget sitt ved å vere til stades og aktiv på lokale treningar og renn, skriv Vinje idrettsråd i si innstilling til Oppvekst og Velferdsutvalet.

Vinje kommune ynskjer Odin Øyre Åland lykke til med vidare karriere!