Hausten er i gang, og med den kjem óg den årvisse vaksina mot sesonginfluensa. Nokon personar har større risiko for å bli alvorleg sjuke om dei får influensa. Det kan mellom anna føre til lungebetennelse, hjerneslag og forverring av kroniske sjukdommar. Nokon får varig dårlegare helse etter alvorleg influensasjukdom.

Helsestyresmaktene anslår at omtrent 900 menneske døyr kvart år av influensa. Vaksina kan hindre mange av desse dødsfalla.

Personar med auka risiko for å bli alvorleg sjuke om dei får influensa, høyrer med i Folkehelseinstituttet (FHI) si “Risikogruppe for influensa”.

 

I haust vil Vinje kommune vaksinere mot sesonginfluensa på desse tidene og stadene: 

  • Vinjehuset 17. oktober, frå klokka 09.00 til 15.00
  • Vinjehuset 18. oktober, frå klokka 12.00 til 18.00
  • Edland legekontor 25. oktober, frå klokka 09.00 til 15.00 
  • Rauland legekontor 25. oktober, frå klokka 09.00 til 15.00 

Me oppmodar personar i målgruppa om å møte opp. Målgruppene er: 

  • Alle over 65 år 
  • Gravide i 2. og 3. trimester, og gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko 
  • Premature barn, særleg barn fødde før svangerskapsveke 32, som no er mellom 6 mnd. og 5 år 

Barn og vaksne med: 

  • Kronisk lungesjukdom, også astma 
  • Hjarte- og karsjukdom 
  • Diabetes (både type 1 og type 2) 
  • Leversvikt eller nyresvikt 
  • Kronisk nevrologisk sjukdom, særleg personar med nedsett lungekapasitet eller hostekraft 
  • Nedsett immunforsvar (både som fylgje av sjukdom og som fylgje av behandling av sjukdom) 
  • Svært alvorleg overvekt (KMI over 40) 
  • Annan alvorleg eller kronisk sjukdom der influensa vil føre til alvorleg helserisiko 

I år vil det vere mogeleg å få influensavaksine og coronavaksine samstundes, om ein er i målgruppa for begge. Ein kan også få pneumokokkvaksine (lungebetennelsevaksine) saman med influensavaksina, etter avtale med fastlegen.

Tidlegare år har svært få barn tatt influensavaksine. Me oppmodar difor særleg foreldre til barn med nokon av sjukdomane over, om å vaksinere barna.  
Helsepersonell med pasientkontakt vil i år som tidlegare, få tilbod om vaksine på arbeidsplassen, eller dei kan møte på vaksinasjonsdagane.

Prisar
Influensavaksine: 200 kr, gratis for helsepersonell med pasientkontakt
Coronavaksine: gratis