Kjære innbyggjar i Vinje og Vest-Telemark!
 
Me ynskjer ei reiselivsnæring som gjev positive verknader for lokalsamfunnet vårt og regionen vår. Vest-Telemark skal vera ein god stad å bu, og ein god stad å besøkje – i dag og i framtida. For å få til den utviklinga me ynskjer saman, er di meining viktig!
 
Undersøkinga er den same som har vore ute tidlegare, men på bakgrunn av få svar ynskjer Visit Telemark å køyre undersøkinga ein runde til. Om du har svart på undersøkinga tidlegare, vil du ikkje ha mogeleghet til å sende inn fleire svar no. Det vil koma ein rapport som gjer synleg svara som har kome inn i undersøkinga. 
 
Om du ikkje har svart tidlegare, håpar me du kan sette av nokre minutt til å svare på undersøkinga. Du finn undersøkinga her. Du kan også skanne QR-koden du ser på bilete under for å koma til undersøkinga.
 

Reiselivet i Vest-Telemark arbeider for å kvalifisere seg til merkeordninga “Berekraftig reisemål” for fyrste gong. Som ein del av merkeordninga blir det utført innbyggarundersøking for å kunne få viktig informasjon om innbyggjaren si oppleving av reiselivet i kommunane.

Vest-Telemarkrådet eig prosjektet, og Visit Telemark er prosjektansvarlege. Alle dei seks kommunane i Vest-Telemark (Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje) har fatta vedtak i kommunestyra om å vera ein aktiv bidragsytar for å kvalifisere til “Merket for Berekraftig reisemål”. Styringsgruppa består av representantar frå kommunane, reiselivsnæringa, næringslivet, frivillig sektor og destinasjonsselskap.

Bilde av innbyggarundersøking
Bilde av innbyggarundersøking