Innbyggjarane i Vinje er rause! Det er allereie samla inn mykje pengar til TV-aksjonen, som i år går til Redd Barna. 
 
Skulane i Vinje har i fleire år gjort ein kjempeinnsats for å samle inn pengar til TV-aksjonen, her ser du noko av det som har blitt gjort i år: 
  • Edland skule hadde basar 4. oktober. Det var om lag 160 personar tilstades på basarkvelden. FAU stod for sal av kake, kaffe, vaflar og andre godsaker, medan næringsliv og elevane på skulen stod for premiar til basaren.
  • Rauland skule hadde aksjonsløp 6. oktober. Elevane sprang rundar på ca. 850 meter i ca. 2 timar. Rundane blei sponsa av ulike sponsorar, med ein valfri sum per runde. 
  • Åmot skule hadde Open skule 17. oktober. Det var sal av ting som elevane hadde laga, leikar og aktivitetar, lotteri, og kaféar. 
  • Øyfjell skule hadde aksjonsløp 18. oktober. Elevane i småskulen sprang ei kupert løype så mange rundar dei klarte i 30 minutt, etterpå sprang elevane på mellomtrinnet så mange rundar dei klarte på 40 minutt. Rundane blei sponsa av ulike sponsorar.

Ta godt i mot bøsseberarane som kjem sondag 22. oktober, dei går mellom klokka 12 og 16. 

Her kan du fylgje med på kor mykje som blir samla inn i Vinje kommune (giverstafett.no)