Jordmorvakta i Seljord

Telefon til vakthavande jordmor: 35021624.  

Jordmorvakta ligg i DPS sine lokale i Seljord, like før Seljord Folkehøgskule. Adresse: Jakob Naadlands veg 28. 

Det er alltid ei jordmor på vakt. Du kan ta kontakt i heile svangerskapet, ved fødsel og dei fyrste vekene etter fødsel. Ved spørsmål som kan vente: kontakt eigen jordmor eller fastlege. 
 
Du kan kontakte Jordmorvakta ved akutte situasjonar og spørsmål knytt til svangerskap, fødsel og barseltid. Dette kan til dømes vere: fødselsstart, vassavgang, magesmerter, blødning og utfordringar ved amming. Vaktjordmor vurderer om du treng ambulanse til Sykehuset Telemark. 

Det er ikkje knytt lege eller anna personale til Jordmorvakta, og me har ikkje ultralydapparat. Me har brystpumpe og spedbarnsvekt. 

Skulle du ikkje få kontakt med Jordmorvakta, ring sentralbordet ved Sykehuset Telemark HF: 35003500 eller direkte til fødeavdelinga: 35004764. 

Oppfylging hjå jordmor på helsestasjonen

For oppfylgjing i svangerskapet tek du kontakt med jordmor på helsestasjonen i kommunen du bur i. Alle dei oppgjevne telefonnumra er til jordmødrene sin arbeidsmobil, og du vil få svar når jordmor er på jobb. Avdelingsleiar for Jordmorsamarbeidet i Vest-Telemark er Helene Mølster Byggland.

Fyresdal kommuneTrude Tennefoss, mobil 90 41 71 57 
Fyresdal helsestasjon, Landstadvegen 35
Kviteseid kommuneMerete Kaste, mobil 90 59 46 51, Kviteseid helsestasjon, Granlivegen, 1A
Seljord kommuneMirjam Thorkildsen Schade, mobil 90 59 81 06, Seljord helsestasjon, Ingrid Slettensveg 16
VinjeHelene Mølster Byggland, mobil 40 90 77 94, Vinje helsestasjon, Vinjevegen 192
Jordmorvakta i SeljordSissel Aardalen Brekke, mobil 99 40 18 60, Jakob Naadlandsveg 28
Oppfylgjing i svangerskapet er eit tilbod til alle gravide. 
Jordmor har kompetanse til å ta seg av friske gravide, og henviser til spesialisthelsetenesta ved behov. Partnar er velkomen til å vere med på ein eller fleire konsultasjonar. Vi har teieplikt. Tilbodet er gratis. Me ordnar med tolk dersom du har behov for det. Det er ditt val om du ynskjer å gå til oppfylgjing hos jordmor, fastlege eller ein kombinasjon. 
 

På svangerskapskonsultasjonene vil jordmor mellom anna:

  • Fylle ut helsekort for gravide 
  • Kartlegge og rettleie i høve til levevanar og trivsel for mor og barn
  • Rekvirere aktuelle prøver og henvise deg til ultralyd
  • Måle blodtrykk, sjekke urinprøve og måle vekt 
  • Lytte til fosteret sine hjarteslag og måle korleis magen veks
  • Gje informasjon om amming, fødsel og barseltid
  • Tilby erklæring av farskap
Innhaldet i svangerskapskonsultasjonane handlar óg mykje om kva den einskilde har behov for, og vi tilpassar tilbodet etter dette så langt det er mogleg.
 
Etter fødsel tilbyr jordmor tidleg heimebesøk, helst innan tre dagar etter at de har kome heim frå sjukehuset, samt vidare oppfylgjing ved behov. Fleire av jordmødrene tilbyr også prevensjon og etterkontroll.