17. juni går startskotet for årets stolpejakt. I samarbeid med Vinje IL, IL Dyre Vaa, IL Rein, Rauland Skisenter og personar i Øyfjell blir det sett ut 60 stolpar i Vinje. De finn stolpar på ulike stadar i kommunen. 

Stolpejakta er eit gratis lågterskel aktivitetstilbod for alle, ein familievenleg aktivitet for alle aldrar og nivå. Oppgåva er å finne dei 1 m høge trestolpane. Kvar stolpe har ein farga topp med nummer, bokstav og ein QR kode. 

Stolpane kan registrerast på 2 måtar:

  1. Lag deg ein brukar på www.stolpejakten.no og legg kodane inn på di side.
  2. Last ned appen Stolpejakten til mobiltelefonen og skann QR kode som du finn på dei ulike stolpane.

Dei ulike fargane på stolpene gjev info om kor vanskeleg/utfordrande det er å finne stolpane:

  • Grøn - Svært lett
  • Blå - Lett
  • Raud - Middels
  • Svart - Vanskeleg  

Bli med på jakta! Er du innom 30 stolpar blir du med i trekninga av fem gåvekort på kr 1000,- Vinnaren kan sjølv velje kor han/ho vil bruke gåvekortet innanfor Vinje kommune.
Trekning av gåvekort etter 15.10.23. Vinnarar blir kontakta og offentleggjort på Vinje kommune si heimeside/facebook side.

Dei fleste stolpane blir ståande ute til og med 15.10.23. Nokon kan bli fjerna tidlegare grunna jakt. Me må også ta atterhald om siste dato om det kjem sno.

Ha ei god jakt!