I samarbeid med Vest-Telemarkrådet låner Vinje Frivilligsentral ut gratis KOMP til eldre og andre som har problem med å handtere moderne teknolog.
KOMP er ei perfekt løysing for familiemedlemmar som:
- Strevar med å bruke moderne teknologi som nettbrett eller smarttelefon
- Bur langt unna eller er isolert
- Vil ta større del i kvardagen til heile familien
Med KOMP kan familiemedlem sende bilete og videoer til til dømes besteforeldre som ikkje har smarttelefon eller PC. Bileta vil rulle og gå som ei ljosbileteframsyning på kompen. Ein kan også ha videosamtale.
Ta kontakt med Ea Kristine Bakken på Frivilligsentralen på mobil 48 13 53 61 om du har nokon i familien som vil ha glede av dette.