I tråd med planstrategien 2020-2023 skal arbeidet med kulturminneplanen starte opp i 2021. Vinje kommune varslar no oppstart av planarbeidet med kulturminneplan for Vinje kommune - og alle kan kome med innspel til planen.

Innspel kan sendast til postmottak@vinje.kommune.no innan 24. 06.2022

Utkast til kulturminneplanen for Vinje kommune blei ikkje ferdigstilt etter at planarbeidet tok til i 2013, og prosessen må no startast opp på ny. Den opphavlege  planen var til 1. gongs handsaming i plan og miljøutvalet 27.11.2013. Den vart då sendt ut på høyring og offentleg ettersyn 17.12.2013, med frist for høyring 31.01.2014. Etter høyringsfristen vart det gjennomført eit innspelsmøte. Innspela frå høyringsrunden og innspelsmøte vert teke med i denne prosessen.

Vidare planarbeid består i å gå gjennom eksisterande plan og innspel, omarbeide innhaldet og utvikle ny handlingsplan basert på eksisterande materiale, nye innspel og ny kunnskap.

Utkast til kulturminneplanen frå 2013 er eit omfattande dokument med god oversikt og kunnskap på kulturminner i kommunen. Ein ser no at denne bør nyttast som kunnskapsgrunnlag og litteratur, og at ein prøvar å få ein meir lettfatteleg og konkret plan - med tilhøyrande handlingsplan med tiltak, ansvar og tid for gjennomføring i den nye planen. Handlingsplanen vil ta utgangspunkt i delområda i utkast til planen. Ny plan vert difor lettare, meir instrumentell og konkret, slik at den er eit lett brukeleg reiskap både for kommunen, grunneigarar og innbyggjarar.

Det vert folkemøte etter at 1. utkast av planen er ferdig utarbeida, forhåpentleg hausten 2022. Planen skal vere ferdig handsama innan våren 2023.

Ta kontakt med verksemdsleiar for kultur og fritid Kristian W. Rantala, kristian.rantala@vinje.kommune.no, om de har spørsmål til arbeidet med kulturminneplanen.

Dokumenter - Utkast til kulturminneplan frå 2013:
Del 1
Del 2