Aasmund Nordstoga får kulturprisen for 2021. Me feirar dette 2 år på etterskot med utdelingsfest og konsert på Vinjar. 

Aasmund Nordstoga har sett saman eit program med samarbeidspartnarar gjennom mange år: Odd Nordstoga, Åsmund Reistad, John Vinge, Jørund Fluge Samuelsen, Sondre Meisfjord og Øyvind Smith. Billettar kostar 200,- og er tilgjengelege på eBillett.no

Dette skriv forslagstillaren om prisvinnaren: 

Aasmund Nordstoga er visesongar og gardbrukar. Han blir mykje bruka som programleiar/konferansier både i Vinje og i landet. Han blei nominert til Spelemannspris to gonger: for debutplata "Ein visefugg" og andre gong for albumet "12 dagar i jola". Aasmund hentar reportoaret sitt frå heimebane. Gamle viser blir friska oppatt med nye arrangement eller ny melodi og med nære musikkvener som broren Odd, Åsmund Reistad, Jørund Fluge Samuelsen og John Vinge. Han har gjeve ut 4 soloplater. Han har halde jolekonsertar med bl.a. Gunhild Sundli, Anne Gravir Klykken og lokale musikarar som Robertas. Dei to siste åra har han opptredd med Burns på nynorsk "Alt som ein gong var" i lag med Ingebjørg Lognvik Reinholt. Dei opptredde på Telemarkfestivalen 2021. I samband med markering av Ellen Nordstoga sin 80-årsdag hadde Aasmund saman med Hege Manheim regi og koreografi for temakonserten "Ellen og elevane" som blei framført både på Telemarkfestivalen 2021 og lokalt i Vinje. Aasmund har vore rundt på eldresentra i kommunen og underhalde. Dette blei sett særleg pris på under dei seiste åra når pandemien har sett grenser for sosiale opplevingar. Aasmund formidlar musikk som mange eldre kjenner att og set pris på. Aasmund har skrive tekstar for Vinje Barneteater og er med og instruerer gruppa som har inntil 2 forestillingar i året. Borna/ungdomane lærer gode ferdighetar og førestillingane trekker mykje publikum. Dette er eit svært verdifullt arbeid for barn og unge og til glede for publikum. Aasmund har vore med i filmar bl.a novellefilmen "21 år" og opplysnings-/reklamefilmar for bondeyrket. Som skribent for Nationens debattarena #Motkultur gjev han ei stemme frå Vinje og bygdenoreg utover heile landet. I 2017 og 2018 var Aasmund på turne for DKS med A.O. Vinje-program både i Telemark og Agder. Han har tidlegare vore fast innslag med Storegut-songar under Litterturdagane i Vinje ved utdeling av Storegutprisen. I år var han reiseleiar for Fotefar temareiser, der konseptet er å vere med ein musikar/kunstnar heim til landskapet og folka som har inspirert og forma kunsten deira. Her viser Aasmund deltakarane det rike musikk- og kulturlivet i bygda. Under denne reisa held han eigne konsertar og tok deltakarane med til Vinjesenteret og Litteraturdagane i Vinje 2021. Vi meiner Aasmund Nordstoga er ein allsidig kunstnar som formidlar lokal kultur og som er ein flott ambassadør for heimbygda og Vinje kommune. Vinje Folkeakademi meiner Aasmund Nordstoga er ein verdig kandidat til å vinne Vinje kommune sin kulturpris for 2021.